Lærarstudent Dana spelar i handball-EM!

I 2022 fekk Dana Björg Gudmundsdottir (22) eit tilbod ho ikkje kunne avslå: å spele handball på toppnivå medan ho studerar til å bli lærar i studiebygda Volda. No er ho klar til å møte Europas beste handballspelarar i europameisterskapet (EM) for kvinner i 2024.

Kvinnelig håndballspiller Dana Björg Gudmundsdottir jubler etter scoring. etter

Dana Björg Gudmundsdottir feirar etter scoring for Volda! Foto: Jon Forberg, @handball_today.

Tekst: David Høyheim Skintveit, Foto: Jon Forberg, @handball_today.

- Oppdatert

Del på:

Dana vart fødd på Island, men flytta tidleg til Konnerud i Drammen. Der vaks ho opp og byrja å spele handball som 11-åring. I handball-EM skal ho representere Island, saman med to tidlegare spelarar frå Volda Handball, Katrin Tinna Jensdottir og Thea Imani Sturludottir

– Å skulle spele EM vert heilt fantastisk! Eg vert vekke i alle fall to og ei halv veke frå studiet, forhåpentlegvis lengre, fortel Dana som håpar å kome lengst mogleg i meisterskapet.

Det har gått slag i slag for den dyktige venstrekanten til Volda. Den 21. oktober 2024 vart Dana for første gong tatt ut til landslagssamling med Island. Der gjorde ho ein såpass god figur at ho, vel tre veker seinare, fekk beskjeden om at ho skulle kjempe med flagget på brystet under EM.

Dana og Island si EM-reise, kan du følge her på Island sin Instagram-konto.

Island spelar sin første EM-kamp fredag 29. november mot Nederland.
Følg lenka for å sjå kampoppsettet til Island. Heile HVO kjem til å følgje med, og ønskjer Dana Björg Gudmundsdottir masse lykke til – ÁFRAM ÍSLAND!

Vegen til studie- og handballbygda Volda

Volda-reisa til Dana starta 23. mars i 2022 klokka 18.00 i Reistad Arena. Dåverande trenar for Volda Handball, Halldor Stefan Haraldsson, fekk nemleg auge på ein kantspelar med fart og teknikk som han gjerne ville ha med seg tilbake til Sunnmøre.    

Nærbilde av kvinnelig håndballspiller Dana Björg Gudmundsdottir.

– Å spele handball på elitenivå var noko eg verkeleg hadde lyst til, men eg var også fast bestemt på å ta ei utdanning. (...) Då eg fann lærarstudiet ved Høgskulen i Volda var det ikkje lenger tvil om å reise.

– Dana Björg Gudmundsdottir (22).

– Ut i sesongen 21/22 tok Halldor kontakt med meg. I eit videomøte, der pappa leika «agent», kom spørsmålet om eg kunne vere interessert i å spele for Volda Handball, som på dåverande tidspunkt var klare for å ta steget opp i Rema1000-ligaen (øvste divisjon i Noreg). Å spele handball på elitenivå var noko eg verkeleg hadde lyst til, men eg var også fast bestemt på å ta ei utdanning. Eg måtte difor finne ut korleis dette kunne kombinerast, og då eg fann lærarstudiet ved Høgskulen i Volda var det ikkje lenger tvil om å reise, forklarar ho.

Før tilbodet frå Volda kom, hadde Dana eit friår der ho kombinerte jobb på ein skule og eit treningssenter, med å spele handball for 1. divisjonsklubben Reistad IL.

Bli lærar i Volda"! – Les meir om våre lærarutdanningar her!

Det gode Volda-miljøet

Lagbilde av Volda Handball
Lagbilde Volda Handball, 1.divisjon 2024/2025. Foto: Lars Ose-Johansen

Dana snakkar varmt om miljøet i studie- og handballbygda Volda. Både blant medstudentar, lærarar og Volda Handball.

– Volda er ein liten studieplass som gjer det svært lett å bli kjent med studentar på tvers av linjer.  Det mest unike er kor godt ein vert kjent med medstudentar, og det fine forholdet ein får til lærarane når klassene er litt mindre. I tillegg har Volda Handball teke meg veldig godt imot. Klubben er veldig imøtekomande og har eit svært godt miljø både på og utanfor bana, forklarar ho.

I sin tredje sesong i Volda-drakta og etter tre og eit halvt år på lærarstudiet, har ho mykje erfaring med å kombinere studie med toppidrett. Dana har følgande tips til andre som ønskjer å ta fatt på same reise:

–  Mitt råd til dei som ønskjer å kombinere desse to er å starte dialogen med studiestaden tidleg, slik at ein kan finne ut korleis de saman kan løyse situasjonen på best mogeleg måte. Struktur og planlegging vil vere viktig for å få kabalen til å gå opp! 

Gjennom god dialog og samarbeid med emneansvarleg, studieleiar og dekan, har det kome fram gode løysningar som gjer både handballdraumen og studie mogleg.

Nysgjerrig på Volda Handball? Sjå deira heimesider, Facebook og/eller Instagram.

Toppidrett + studium = toppidrett i seg sjølv 

Det er ikkje til å legge skjul på at det til tider kan vere krevjande å kombinere toppidrett med høgare utdanning – og dei travle periodane kan ofte komme samstundes. Medan Gudmundsdottir er på tur med det islandske landslaget, skal ho til dømes gjennomføre både arbeidskrav og eksamen. Sjølv om døgnet av og til kan sjå ut til å ha for få timar, går det oftast bra likevel.

– Den største utfordringa er tid. Å rekke alt eg skal, som å restituere, sjå på video til møter, ete nok, trene styrke og handball, samstundes som at eg studerer på fulltid er krevjande. Likevel har balansen mellom studie og treningar gått fint til no. Nøkkelen er god planlegging for å kunne prestere på høgt nivå på begge arenaene, fortel den ferske landslagsspelaren.

Ho utdjupar:

 – Ein har alltid lyst til å prestere på sitt beste nivå uavhengig av om det er toppidrett eller utdanning. Det er vel ein indre justis som gjer at eg ønskjer dette. I tillegg har utdanning alltid vore viktig i mine auge, og noko eg har prioritert fleire gongar. Handballen var noko eg begynte med for det sosiale og fordi det var kjekt, og eg er heldig som kan kalle det jobben min.

Sjå også «Veien tilbake»:

I webserien "Veien tilbake", produsert av Student-TV Volda, får vi følge Volda Handball gjennom fjorårssesongen 23/24. Sjå serien her:

Del på: