Semestre

ANI161 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm

Emnekode: 
ANI161
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande animasjonsprinsipp i teikna animasjon. Gjennom korte øvingar vil studentane lære om dei grunnleggjande verktya i animasjonsfaget. Dei vil bli introduserte til teknologiar og verkty for animasjonsproduksjon, og lære korleis visualisere idear gjennom storyboard, animatic og historieforteljing.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten er forventa å ha grunnleggjande forståing av

  • prinsipp for klassisk animasjon
  • korleis bruke teknologi og verkty for animasjonsproduksjon
  • historieforteljing i animasjon
  • korleis idear kan bli visualiserte gjennom eit storyboard og ein animatic
  • korleis redigere bevegelege bilete og arbeide med lyd
Ferdigheiter

Studenten er forventa å kunne

  • lage ein enkel sekvens av teikna animasjon
  • bruke programvare som eit verkty for teikna animasjon
  • fortelje ei kort historie gjennom storyboard
  • redigere ein enkel sekvens av teikna animasjon
  • utvikle eit visuelt konsept
Generell kompetanse

Studenten er forventa å kunne

  • bruke teikningar som ei form for uttrykk i animasjon
  • ha forståing for grunnprinsippa i animasjonshandverket
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane arbeider med oppgåver som består av å lage teikna animasjon. Ofte vil studentane lære i ein workshop med eit sluttprodukt som mål. Dei arbeider også med storyboard og animatic-oppgåver, og lærer å redigere lyd og bevegelige bilete. Studentane vil arbeide både individuelt og i grupper, og vil få rettleiing av ein lærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Håvard Strand
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Faglærar opplyser ved semesterstart kva for prosjekt som skal gjennomførast.

Mappa skal innehalde:
- Grunnleggande øvingar i teiknefilm
- Ein animatic
- Øvingar i digital teiknefilm

Fil-typar som vert nytta: .mpeg 4, .avi, .pdf, .zip
Godkjent av: 
Kate Kartveit