Semestre

ANT161 Animasjonsteori 1: Kva er animasjon?

Emnekode: 
ANT161
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Kva er animasjon? Kva er det som kjenneteiknar animasjon, og som skil det frå andre kunstformer? Og kva moglegheiter har me med animasjon, som me ikkje har med andre uttrykksformer? Dette emnet handlar om å stilla og drøfta grunnleggjande spørsmål om animasjon. Studentane får ei innføring i animasjonsvitskap som fagfelt og blir kjend med nokre av dets teoretiske omgrep. Emnet fungerer også som ei innføring i akademisk tenking, skriving og lesing. Hovudmålet med emnet er å drøfta kva som kjenneteiknar animasjon og dets potensial, trena studentane i kritisk tenking, og å gi ein vitskapleg grunninnføring i korleis ein kan utforska animasjon som fenomen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten er forventa å

  • ha ei grunnleggjande forståing for korleis ein kan tilnærma seg animasjonsfaget frå ein teoretisk synsvinkel
  • kjenne til fagomgrep som kan brukast for å analysera, reflektera og tenkja kritisk om animasjon
  • ha ei grunnleggjande forståing av korleis ein skriv ein drøftande fagtekst
  • ha grunnleggjande kunnskap om kva som karakteriserer akademiske tenkjemåtar og arbeidsmetodar i høgare utdanning
Ferdigheiter

Studenten er forventa å kunne

  • tenkja kritisk om animasjon som fenomen
  • dialogisere med medstudentar og faglærarar om faglege problemstillingar
  • munnleg kommunisera forståinga si av animasjon
  • lesa og dialogisere med faglitteratur
  • skriva ein fagtekst som drøftar ei problemstilling
Generell kompetanse

Studenten er forventa å

  • kunne forstå seg sjølv som del av ein praktisk-teoretisk fagtradisjon
  • kunne artikulera tankar om faget sitt
  • kjenne til kva det vil seia å studera i høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet består hovudsakelig av forelesingar og seminar. Utover dette er det forventa sjølvstendig arbeid med pensum.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Endre Eidså Larsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Meir informasjon blir gitt ved semesterstart.
Alle
Fagtekst på 1000-3000 ord.
Godkjent av: 
Kate Kartveit