Semestre
ANT161 Animasjonsteori 1: Kva er animasjon?
Ingen.
Kva er animasjon? Kva er det som kjenneteiknar animasjon, og som skil det frå andre kunstformer? Og kva moglegheiter har me med animasjon, som me ikkje har med andre uttrykksformer? Dette emnet handlar om å stilla og drøfta grunnleggjande spørsmål om animasjon. Studentane får ei innføring i animasjonsvitskap som fagfelt og blir kjend med nokre av dets teoretiske omgrep. Emnet fungerer også som ei innføring i akademisk tenking, skriving og lesing. Hovudmålet med emnet er å drøfta kva som kjenneteiknar animasjon og dets potensial, trena studentane i kritisk tenking, og å gi ein vitskapleg grunninnføring i korleis ein kan utforska animasjon som fenomen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten er forventa å
- ha ei grunnleggjande forståing for korleis ein kan tilnærma seg animasjonsfaget frå ein teoretisk synsvinkel
- kjenne til fagomgrep som kan brukast for å analysera, reflektera og tenkja kritisk om animasjon
- ha ei grunnleggjande forståing av korleis ein skriv ein drøftande fagtekst
- ha grunnleggjande kunnskap om kva som karakteriserer akademiske tenkjemåtar og arbeidsmetodar i høgare utdanning
Studenten er forventa å kunne
- tenkja kritisk om animasjon som fenomen
- dialogisere med medstudentar og faglærarar om faglege problemstillingar
- munnleg kommunisera forståinga si av animasjon
- lesa og dialogisere med faglitteratur
- skriva ein fagtekst som drøftar ei problemstilling
Studenten er forventa å
- kunne forstå seg sjølv som del av ein praktisk-teoretisk fagtradisjon
- kunne artikulera tankar om faget sitt
- kjenne til kva det vil seia å studera i høgare utdanning
Emnet består hovudsakelig av forelesingar og seminar. Utover dette er det forventa sjølvstendig arbeid med pensum.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Meir informasjon blir gitt ved semesterstart. | Alle | Fagtekst på 1000-3000 ord. |