Semestre
ANT161 Animasjonsteori 1: Kva er animasjon?
Ingen
I dette emne vert det gitt ei innføring i film- og animasjonsvitskap, med vektlegging av estetiske problemstillingar. Hovedfokuset ligg på prinsipp, konvensjonar og moglegheiter innanfor klassisk teiknefilm og klassisk forteljande animasjonsfilm. Studentane vil bli kjende med definisjonar av animasjon og omgrep for å studere karakteristiske trekk ved klassisk animasjonsfilm. Desse temaa diskuterast ved å vise til animasjonsfilmhistoria, med vekt på tidleg animasjonsfilm og den kommersielle animasjonsfilmen (frå Disney til Miyazaki). I emnet legg ein vekt på filmvisingar. Hovudmålet med emnet er å gi studentane ei teoretisk, analytisk og historisk grunninnføring i korleis ein kan studere animasjon og forstå klassisk teiknefilm.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om:
- film- og animasjonsvitskap som disiplin
- animasjonsfilmens opphav og tidlege historie
- definisjonar av animasjon
- karakteristiske trekk ved klassisk teiknefilm
- prinsipp og konvensjonar for klassisk forteljande film
Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter innan:
- å reflektere over kva som definerer animasjon
- å analysere animasjonsfilm
- å analysere og reflektere over kva som karakteriserer klassisk teiknefilm og klassisk forteljande animasjonsfilm
Studentane skal
- kunne sjå sitt fagområde i ein teoretisk, historisk og analytisk samanheng
- kunne lese og drøfte faglitteratur
Gjennomføringa av emnet skjer i hovudsak i form av forelesingar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det vert lagt vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette. Det vil også bli organisert seminar der ein kan drøfte pensum og tema innanfor rammene av emnet.
Studenten skal i løpet av semesteret levere ei skriftleg øvingsoppgåve. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på oppgåva.
Ingen særskilde vilkår
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle | Om lag 2000 ord |