Semestre

ANT161 Animasjonsteori 1: Kva er animasjon?

Emnekode: 
ANT161
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

I dette emne vert det gitt ei innføring i film- og animasjonsvitskap, med vektlegging av estetiske problemstillingar. Hovedfokuset ligg på prinsipp, konvensjonar og moglegheiter innanfor klassisk teiknefilm og klassisk forteljande animasjonsfilm. Studentane vil bli kjende med definisjonar av animasjon og omgrep for å studere karakteristiske trekk ved klassisk teiknefilm. Desse tema diskuterast ved å vise til animasjonsfilmhistoria, med vekt på tidleg animasjonsfilm og klassisk teiknefilm. I emnet legg ein vekt på filmvisingar. Hovudmålet med emnet er å gi studentane ei teoretisk, analytisk og historisk grunninnføring i korleis ein kan studere animasjon og forstå klassisk teiknefilm.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om:

  • film- og animasjonsvitskap som disiplin
  • animasjonsfilmens opphav og tidlege historie
  • definisjonar av animasjon
  • karakteristiske trekk ved klassisk teiknefilm
  • prinsipp og konvensjonar for klassisk forteljande film
Ferdigheiter

Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter innan:

  • å reflektere over kva som definerer animasjon
  • å analysere animasjonsfilm
  • å analysere og reflektere over kva som karakteriserer klassisk teiknefilm og klassisk forteljande animasjonsfilm
Generell kompetanse

Studentane skal

  • kunne sjå sitt fagområde i ein teoretisk, historisk og analytisk samanheng
  • kunne lese og drøfte faglitteratur
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Gjennomføringa av emnet skjer i hovudsak i form av forelesingar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det vert lagt vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette. Det vil også bli organisert seminar der ein kan drøfte pensum og tema innanfor rammene av emnet.

Studenten skal i løpet av semesteret levere ei skriftleg øvingsoppgåve. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Endre Eidså Larsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle
Om lag 2000 ord
Godkjent av: 
Kate Kartveit