Semesters
ANT161 Animasjonsteori 1: Kva er animasjon?
Ingen.
Kva er animasjon? Kva moglegheiter har animasjon, som ikkje andre uttrykksformer har? Kva kjenneteiknar tidleg animasjon og den klassiske teiknefilmen? Og korleis kan me forska på animasjon? Dette er leiande spørsmål i emnet, som gir ei innføring i film- og animasjonsvitskap. Emnet fungerer også som ei innføring i akademisk tenking, skriving og lesing. Hovudmålet med emnet er å gi ein teoretisk, analytisk og historisk grunninnføring i korleis ein kan studera animasjon som fenomen og kunstform.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om:
- film- og animasjonsvitskap som disiplin
- animasjonsfilmens opphav og tidlege historie
- definisjonar av animasjon
- karakteristiske trekk ved klassisk teiknefilm
- prinsipp og konvensjonar for klassisk forteljande film
Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter innan:
- å reflektere over kva som definerer animasjon
- å analysere animasjonsfilm
- å analysere og reflektere over kva som karakteriserer klassisk teiknefilm og klassisk forteljande animasjonsfilm
Studentane skal
- kunne sjå sitt fagområde i ein teoretisk, historisk og analytisk samanheng
- kunne lese og drøfte faglitteratur
Gjennomføringa av emnet skjer i hovudsak i form av forelesingar og seminar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det vert lagt vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette.
Studenten skal i løpet av semesteret levere ei skriftleg øvingsoppgåve. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på oppgåva.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle | Om lag 2000 ord |