Semestre

BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.

Emnekode: 
BLUPRA2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Practice/Pre-School Teacher Education 2, 40 days.
Emnenavn på bokmål: 
Praksis 2. årstrinn, 40 dager.
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

Stått på BLUPRA1

Om emnet

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår: Barns utvikling og læring II (BLUBULL II), Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK) og Språk, tekst og matematikk (BLUSTM).Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 2. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonsidentitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 40 dagar, fordelt på tre bolkar.

Læringsutbytte

Etter bestått praksis andre studieår skal studenten ha fylgjande læringsutbytte:KunnskaparStudenten har kunnskap om barnehagen sine fagområde har kunnskap om profesjonsidentitet, yrkesetiske prinsipp og rettleiing har kunnskap om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid i barnegruppa har kunnskap om foreldresamarbeid og mangfald har innsikt i korleis kunst og kultur bidreg til barn sine ulike opplevingar og uttrykksformer, læring og danning. har kunnskap om barns språkutvikling, fleirspråklegheit, sosial-, fysiske og skapande utvikling og gryande digitale-, les-, skrive og matematikkferdiheiter har kunnskap om  overgang barnehage og skule FerdigheiterStudenten kan analysere og leggje til rette for tilpassa opplæring og inkludering i barnehagen kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barn sin skapande aktivitet, heilheitleg læring og oppleving av meistring kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling kan utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn har ferdigheiter i  høgtlesing og i tekstformidling kan vurdere ulike typar læremiddel, og bruke IKT som pedagogisk verktøy i arbeidet kan leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt Generell kompetanseStudenten   kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiver, prega av  respekt toleranse, inn i arbeidet i barnehagen har endrings og utviklingskompetanse, kan leie prosjektarbeid og bidra til nytenking for framtidas barnehage har ei medviten haldning til og evne til innleving i barna sine ulike estetiske utrykksformer. skal kunne gjere greie for korleis ein kan kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar kan i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte teori til erfaringar frå praksis

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar.I første praksisbolk skal studentane ha vekt på språkleg og kulturelt mangfald og estetiske opplevingar.Den andre praksisbolka skal ha vekt på matematisk og språkleg læringsmiljø. Studentane skal få erfaring med å planleggje, leie og gjennomføre eit prosjektarbeid med overordna tema «Barnehagen som språk og matematikkverkstad».Tredje praksisbolk skal ha fokus på overgangen mellom barnehage og skule.Studenten skal gjennomføre leiardagar i løpet av praksis. Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar.Faglærarane skal undervise i aktuelle emne relatert til praksisperioden før praksis.I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sine rutinar og innhald, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eigen profesjonsidentitet.Tidleg i praksis skal studenten og praksislærar gjennomføre ein forventningssamtale der forventningar og mål for sjølvutvikling blir klargjort. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe.Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.Som ein del av førebuinga til praksis er det også krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.Samla fråvær for praksis kan ikkje overstige 10%.Viser her til § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.Vi viser til Praksishefte del I og II for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
100
Emnet inngår i følgande studieprogram