Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.
Karakteren Stått på BLUPRA1
Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår: Barns utvikling og læring II (BLUBULL II), Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK) og Språk, tekst og matematikk (BLUSTM). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 2. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert. Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 40 dagar, fordelt på tre bolkar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kunnskap om barnehagen sine fagområde
- kunnskap om profesjonsidentitet, yrkesetiske prinsipp og rettleiing
- kunnskap om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid i barnegruppa
- kunnskap om foreldresamarbeid og mangfald
- har innsikt i korleis kunst og kultur bidreg til barn sine ulike opplevingar og uttrykksformer, læring og danning.
- har kunnskap om barns språkutvikling, fleirspråklegheit og gryande digitale-, lese-, skrive og matematikkferdiheiter
- har kunnskap om samnheng barnehage og skule
Studenten kan
- analysere og leggje til rette for det språkleg og kulturelle mangfaldet i barnegruppa.
- utvikle omsorgsfulle relasjonar til alle barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
- fremje kreative prosessar og skape estetiske opplevingar for alle barn
- finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt
- vurdere ulike typar læremiddel, og bruke IKT som pedagogisk verktøy i arbeidet
- samle kunnskap om samanheng barnehage og skule
Studenten
- kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiver, prega av respekt og toleranse, inn i arbeidet i barnehagen
- har ei medviten haldning til og evne til innleving i barna sine ulike estetiske utrykksformer.
- kan leie prosjektarbeid og bidra til nytenking for framtidas barnehage
- skal kunne kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet.
- kan i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte teori til erfaringar frå praksis
Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 40 dagar, fordelt på tre bolkar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I første praksisbolk skal studentane ha vekt på språkleg og kulturelt mangfald og estetiske opplevingar. Den andre praksisbolka skal ha vekt på matematisk og språkleg læringsmiljø. Tredje praksisbolk skal ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Studenten skal gjennomføre leiardagar i løpet av praksis.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsidentitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til partane vert klargjort.
Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
- Studenten skal planlegge pedagogiske aktivitetar med vekt på språkleg og kulturelt mangfald og estetiske opplevingar.
- Studenten skal planleggje, leie og evaluere eit prosjektarbeid.
- Studenten skal samle kunnskapar om overgangen barnehage skule.
- Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | Stått eller ikkje stått |
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i praksis: Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ”Ikkje stått”, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.
Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgreutdanning § 3: Lovdata - Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.