Semestre

BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.

Emnekode: 
BLUPRA2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.
Om emnet

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår: Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK) og Språk, tekst og matematikk (BLUSTM). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Studentane skal oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei utviklar kunnskapane og ferdigheitene sine fram til yrket som  barnehagelærar. Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, dei skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeida med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar. I praksis 2. studieår skal ein ha fokus på å legge til rette for at alle barna kan få estetiske opplevingar, leiing av barne- og personalgrupper, og leiing av prosjektarbeid i praksis. I denne praksisen introduserer vi studentane for å samle inn empirisk datagrunnlag til bruk i eigne oppgåver. Praksis skal vere rettleiia og vurdert.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • foreldresamarbeid
  • kreative prosessar og om å tilrettelegge for estetiske opplevingar for alle barn
  • barns språkutvikling, fleirspråklegheit og gryande digitale-, lese-, skrive og matematikkferdiheiter
  • samanheng barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten kan

  • utvikle relasjonar til alle barn der relasjonane ber preg av omsorg, innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
  • ta aktivt del i læringsrike opplevingar med barn
  • ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader
  • finne, vurdere og vise til fagkunnskap og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt og leiardagar
  • vurdere ulike typar læremiddel, og bruke IKT som pedagogisk verktøy i dokumentasjonsarbeidet
  • samle inn empirisk datagrunnlag
Generell kompetanse

Studenten  

  • kan i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte teori til erfaringar frå praksis
  • kan sikre medverknad frå personalet i barnehagen
  • har fått ei god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet og ha gode profesjonsetiske haldningar
  • kan skape gode relasjonar til dei føresette
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 40 dagar, fordelt på tre praksisbolkar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og  vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I første praksisbolk skal studentane ha vekt på tilrettelegging av estetiske opplevingar. Den andre praksisbolka skal ha vekt på prosjektarbeid.Tredje praksisbolk skal ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon frå praksis året før kjent for praksislærar i forventingssamtalen. 

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 40 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

Det kan forekomme at det praktiske arbeidet vil ha innhald frå meir enn eit av Kunnskapområda.

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLUKKK
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLUSTM 
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg vurdering, før endeleg sluttvurdering med karakteren stått/Iikje stått blir gitt etter tredje praksisbolk. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte/deltaking vere stetta.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.