Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.
Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår. Desse er: Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK) og Språk, tekst og matematikk (BLUSTM).
Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.
Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, leiardagar og prosjektarbeid få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda 2. studieår, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal vise utvikling frå 1. studieår, frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.
I det andre studieåret er det viktig at studenten viser utvikling og progresjon. Studenten skal øve seg på å ha oversikt og kunne leie både barnegruppe og personalgruppe. Studenten vil kjenne igjen strukturar frå den første praksisbarnehagen, men vil også sjå at det er forskjellar på struktur og organisering i dei ulike barnehagane. Studenten skal særleg utvikle seg som personalleiar i andre studieår, og skal kunne leie personalet gjennom eit prosjektarbeid og leiardagar. Den didaktiske tenkinga er meir avansert og studenten skal trenge mindre støtte i arbeidet med planlegging av pedagogiske aktivitetar og leiardagar. Ein viktig del av yrket som barnehagelærar er foreldresamarbeid, og i andre studieår skal studenten vise progresjon frå året før i arbeidet med å skape gode relasjonar til dei føresette.
I praksis 2. studieår skal ein ha fokus på barn og estetiske opplevingar, leiing av barne- og personalgrupper, leiing av prosjektarbeid, leiardagar og tema samanheng barnehage - skule.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- foreldresamarbeid
- kreative prosessar og tilrettelegging av estetiske opplevingar for alle barn
- planlegging, gjennomføring og vurdering av prosjektarbeid
- samanheng barnehage og skule
Studenten kan
- utvikle gode relasjonar til alle barn der relasjonane ber preg av omsorg, innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
- vise at han har oversikt over barnegruppa
- vise at han har oversikt over barnehagen sin struktur
- ta aktivt del i læringsrike opplevingar med barn og viser evne til å tilrettelegge barns leikemiljø
- ta omsyn til barns ulike bakgrunnar og føresetnader
- nytte ulike observasjonsmetodar og skrive utfyllande didaktiske planar
- leie og rettleiie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt og leiardagar
- bruke IKT som pedagogisk verktøy i dokumentasjonsarbeidet
- samle inn empirisk datagrunnlag
Studenten
- knyt teori til erfaringar frå praksis i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar
- viser at han har relasjonskompetanse og kan sikre medverknad frå personalet
- skaper gode relasjonar til dei føresette
- har god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet og gode profesjonsetiske haldningar, og vurdere kritisk eigen pedagogisk leiing og praksis
Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 40 dagar, fordelt på tre praksisbolkar. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.
I første praksisbolk skal studentane ha vekt på tilrettelegging av estetiske opplevingar. Studenten skal ta omsyn til alle dei didaktiske kategoriane i ein didaktisk modell, men i rettleiinga skal student og praksislærar sikre seg at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane overordna mål, mål, rammefaktorar, innhald og arbeidsmåte. Studenten skal arbeide for å skaffe seg oversikt over barnehagen si organisering og struktur.
Den andre praksisbolken skal ha vekt på prosjektarbeid. Studenten skal planleggje, gjennomføre og vurdere eit prosjekt. I arbeidet med det skal studenten leggje tilrette for eit leikemiljø som støttar tema for prosjektet. I andre praksisbolk må student og praksislærar sikre seg at studenten har forstått innhaldet i alle kategoriane i ein didaktiak modell og samanhengane mellom dei. Foreldresamarbeidet er ein viktig del av prosjektet. Studenten må i tilegg til å ta kontakt med føresette, forsøkje å skape gode dialogar om barna sin kvardag i barnehagen.
Studenten skal planlegge, gjennomføre og vurdere leiardagar i begge praksisbolkane.
Tredje praksisbolk skal ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Før praksisbolka tek til, skal studenten ha oversyn over kva ulike styringsdokument seier om samanhengen mellom barnehage og skule. I praksis skal studenten sjå på heile barnehagen, og sjå på korleis det er lagt til rette for eldre og yngre barn. Dei skal også sjå etter om det er progresjon i innhaldet barna møte i barnehagen. Studenten skal samle datamateriale ved observasjon og kartlegging av det fysiske miljøet og ved å gjennomføre eit intervju med fokus på overgangen mellom barnehage og skule.
Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. All dokumentasjon av praksis skjer gjennom rettleiings- og dokumentasjonsverktøyet MOSO (Mentoring and Observation Software). Tidleg i dei to første praksisbolkane skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i den første forventingssamtalen.
Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 40 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUKKK i bolk 1
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSTM i bolk 2
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSTM i bolk 3
- Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar i praksisbolk 1 og 2.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg vurdering, før endeleg sluttvurdering med karakteren stått/Iikje stått blir gitt etter tredje praksisbolk. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga.Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom studenten viser manglar etter Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 40 dagar frammøte vere stetta.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått.
Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre.
Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk, får ikkje flytte opp i neste studieår og må avbryte studiet.
- Barnehagelærar - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | Stått eller ikkje stått | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. |