Semestre

DKL116N Programmering i skulen

Emnekode: 
DKL116N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Som student i DKL116N vil du både byggje di eiga teknologiske forståing og få kunnskap om korleis du skal legge til rette for gode læringsprosessar i undervising som inkluderer programmering. I emnet fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med programmering på ulike trinn i grunnskulen.  

Sentrale tema i emnet er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin, visuell og tekstbasert programmering, programmering av mikrokontrollar og arbeid med prototypar. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska trinn og fag 

Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som skal undervise eller rettleie i programmering. . Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne

  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar 
  • gjere greie for grunnleggjande datatypar  
  • gjere greie for grunnleggjande element i eit programmeringsspråk 
  • gjere greie for designtenking og metodar for programutvikling 
  • kjenner til programmeringa si historie og sin plass i samfunnet
  • kjenner til fordelar og ulemper ved ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk 
  • gjere greie for korleis programmering heng saman med mikrokontrollerar og konstruksjon av prototypar. 
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • jobbe med algoritmisk tenking i klasseromet, med og utan digitale verktøy
  • planleggje utviklinga av eit program
  • utforme enkle algoritmar og pseudokode
  • lage program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
  • lage program ved hjelpe av tekstbasert programmering
  • feilsøke og vidareutvikle program
  • integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar, både knytt til enkeltfag og på tvers av fag.
  • vurdere læringsprosessar som inkluderer programmering
  • ta i bruk mikrokontrollar og kopla enkla elektriske kretsar 
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • reflektere over teknologien sin plass i samfunnet
  • utvikle fagleg fundamentert programmeringsundervisning i skulen 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. 

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skulen.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er ikkje noko frammøte - emnet er nettbasert. 

Arbeidskrav: ​​

Emnet har to større, obligatoriske mappeoppgåver. Oppgåvene kan leverast som tekst eller film/samansatt tekst. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på ca. 5000 ord (+/- 10%), eller inntil 20 minutt (+/- 10%) som film/samansett tekst.  

Desse oppgåvene utgjer også eksamensmappa som skal leverast og vurderast ved semesterslutt. 

Studentane får tilbakemelding på mappeoppgåvene i Canvas etter levering/godkjenning som arbeidskrav. Om ei mappeoppgåve blir vurdert som "ikkje godkjent" etter første levering vil studenten få ny frist for levering av revidert versjon. 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Studieavgift

​Kr. 5.000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Digital kompetanse i læring, opne emne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret.
Godkjent av: 
Arne Myklebust