Semestre
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Vår
DKL116N Programmering i skulen
Ingen.
Programmering i skulen gir elevane høve til å forstå meir av teknologien dei omgir seg med. Som student i DKL116N byggjer du både di eiga teknologiske forståing og korleis du skal legge til rette for gode læringsprosessar i ditt klasserom. I DKL116N fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med programmering i grunnskulen, frå algoritmisk tenking utan digitale verktøy, via blokkprogrammering på nettbrett og PC, til tekstbasert programmering. Vi ser også på korleis ein kan lage prototypar som inkluderer mikrokontrollerar og korleis ein programmerer desse. Aktuelle verktøy kan då vere Micro:bit, Arduino, Lego WeDo eller anna som passar til prototypen og dei (elev/lærar) som skal lage den. Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som skal undervise/rettleie i programmering. Emnet gir kjennskap til programmering på ulike nivå i heile grunnskulen, samt høve til å fokusere på ønska trinn/fag. Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir moglegheiter for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske, sjølv om kvar student leverer eit eige sjølvstendig produkt til sluttvurdering(eksamen).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne
- vise grunnleggjande forståing for algoritmar
- gjere greie for grunnleggjande datatypar
- gjere greie for grunnleggjande element i eit programmeringsspråk
- gjere greie for designtenking og metodar for programutvikling
- kjenner til programmeringa si historie og sin plass i samfunnet, herunder diskursen om programmering i skulen
- vise til fordelar og ulemper ved ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk
- gjere greie for ein korleis programmering heng saman med mikrokontrollerar og konstruksjon av prototypar.
Kandidaten skal kunne
- jobbe med algoritmisk tenking i klasseromet, utan digitale verktøy
- planleggje utviklinga av eit program
- utforme enkle algoritmar og pseudokode
- lage program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
- lage program ved hjelpe av tekstbasert programmering
- feilsøke og vidareutvikle program
- integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar, både knytt til enkeltfag og på tvers av fag.
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
- lage og overføre program til mikrokontrollerar
- kople enkle elektroniske kretsar i utvikling av prototypar
Kandidaten skal kunne
- reflektere over teknologien sin plass i samfunnet
- bidra til å utvikle fagleg grunngjeven integrering av programmering i skulen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relaterte til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver. Oppgåvene vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og andre tema knytt til læringsmåla i emnet.
Frammøtekrav: Det er ikkje noko frammøte, emnet er nettbasert.
Arbeidskrav: Emnet har to større mappeoppgåver, som er obligatoriske. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på ca. 5000 ord (+-10%) som skrift, eller inntil 20 minutt video totalt (2 x 10 min) som film/samansett tekst.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 4.000,-
- Digital kompetanse i læring, opne emne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalgte arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. |