Semestre
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Vår
DKL116N Koding i skulen
Ingen
Koding i skulen gir elevane høve til å forstå meir av teknologien dei omgir seg med. I DKL116N fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med koding (programmering) i grunnskulen, frå
algoritmisk tenking utan digitale verktøy, via blokkprogrammering på nettbrett og PC, til tekstbasert programmering. Vi ser også på korleis det digitale kan samhandle med det analoge,
t.d. ved hjelp av mikrokontrollerar som Microbit eller Makey Makey.
Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som skal undervise/rettleie i programmering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kan sjølv planlegge og utvikle program med blokk- eller tekstbaserte programmering og vurdere korleis elevane kan nytte koding i læringsarbeid.
Kandidaten
- har grunnleggjande forståing for algoritmar og datastrukturar
- har forståing for grunnleggjande element i eit programmeringsspråk
- har kunnskapar om designtenking og metodar for programutvikling
- kjenner til programmeringa si historie og sin plass i samfunnet, herunder diskursen om programmering i skulen
- har grunnleggjande kunnskap om verktøy for programmering på nettbrett og PC
- Har grunnleggjande kunnskap om programmeringsspråk til bruk i skulen
- Har grunnlegg,ande kunnskap om programmering av mikrokontrollerar og konstruksjon av elektroniske prototypar.
Kandidaten kan
- jobbe med algoritmisk tenking i klasseromet, utan digitale verktøy
- planlegge utviklinga av eit program
- utforme enkle algoritmar og pseudokode
- lage program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
- lage program ved hjelpe av tekstbasert programmering
- feilsøke og vidareutvikle program
- integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar, både knytt til enkeltfag og på tvers av fag.
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
- lage og overføre program til mikrokontrollerar
- kople enkle elektroniske kretsar i utvikling av prototypar
Kandidaten kan
- reflektere over teknologien sin plass i samfunnet
- bidra til å utvikle faglig grunngjeven bruk av programmering i skulen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav: Ingen
Arbeidskrav: Utvalde arbeidsoppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplan. Ei større oppgåve vil handle om å utvikle eit produkt sjølv, og ei større oppgåve vil handle om eit
undervisningsopplegg med elevar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Kr. 4.000,-
- Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15, deltid
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | Stått eller ikkje stått |
Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.