Semestre

ENG141 Grammatikk og leksikologi

Emnekode: 
ENG141
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på syntaks, morfologi, og vokabular. Studentane lærer å analysere og anvende engelsk språk med hjelp av sentral, grammatisk terminologi.

Emnet forutset god kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk, samt grunnleggande kunnskap om grammatikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
  • har kunnskap om engelsk syntaks
  • har kunnskap om tilhøvet mellom form og meining i engelsk grammatikk
  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
  • har kunnskap om engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere og analysere språkelement på ulike nivå i engelsk
  • kan reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
  • kan vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
  • kan analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
  • kan bruke engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan skrive god akademisk engelsk
  • kan bruke grammatisk korrekt engelsk i praktiske situasjonar
  • kan bruke språklege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig, reflekterande og kritisk måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

1. Delta på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studentane må delta aktivt i munnlege oppgåver og diskusjonar.

2. Levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust