Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
ENG141 Grammatikk og leksikologi
Ingen
Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på morfologi, syntaks og vokabular.
Standardtekst
Etter fullført emne har studenten kunnskap om:
- engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
- engelsk syntaks
- tilhøve mellom form og meining i engelsk grammatikk
- sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
Etter fullført emne kan studenten:
- identifisere og analysere element på ulike nivå i engelsk
- reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
- vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
- analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei heng saman med tyding og stilnivå
-
Undervisinga skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid.
Kvar student må levere inn to – 2 – mindre øvingar i grammatikk/leksikologi/skriving (800-1400 ord kvar), som begge må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Faglærar bestemmer om øvingane skal gjerast individuelt eller i grupper. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |