Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
ENG141 Grammatikk og leksikologi
Ingen
Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på syntaks, morfologi, og vokabular. Studentane lærer å analysere og anvende engelsk språk med hjelp av sentral, grammatisk terminologi.
Emnet forutset god kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk, samt grunnleggande kunnskap om grammatikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
- har kunnskap om engelsk syntaks
- har kunnskap om tilhøvet mellom form og meining i engelsk grammatikk
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
- har kunnskap om engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Studenten:
- kan identifisere og analysere språkelement på ulike nivå i engelsk
- kan reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
- kan vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
- kan analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
- kan bruke engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Studenten:
- kan skrive god akademisk engelsk
- kan bruke grammatisk korrekt engelsk i praktiske situasjonar
- kan bruke språklege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig, reflekterande og kritisk måte
Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten:
1. Delta på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studentane må delta aktivt i munnlege oppgåver og diskusjonar.
2. Levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium, og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |