Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
ENG141 Grammatikk og leksikologi
Ingen
Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på morfologi, syntaks og vokabular.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
- engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
- engelsk syntaks
- tilhøve mellom form og meining i engelsk grammatikk
- sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
- identifisere og analysere element på ulike nivå i engelsk
- reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
- vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
- analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei heng saman med tyding og stilnivå
-kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar. Studenten skal vise evne til refleksjon og kritisk tenking.
Undervisinga skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Frammøtekrav:
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Arbeidskrav:
Kvar student må levere inn to mindre skriftlege øvingar i grammatikk/leksikologi, som begge må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av faglærar. Faglærar bestemmer om øvingane skal gjerast individuelt eller i grupper. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
- Bachelorgradsstudium i religion og språk
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |