Semestre
ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk
Ingen
Emnet gir ei teoretisk innføring i engelsk fonetikk og fonologi, med fokus på lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk. Studenten skal bruke teknisk terminologi for å beskrive og analysere engelsk uttale, samt lære å lese og produsere fonemiske transkripsjonar. Emnet utforskar i tillegg ulike samtidige og historiske variantar av engelsk.
Emnet forutset god kompetanse i munnleg engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om engelske språklydar og korleis dei blir artikulert
- har kunnskap om lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk
- har kunnskap om dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale
- har kunnskap om strukturar i samanhengande engelsk tale
- har kunnskap om nokre vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
- har kunnskap om engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar
- har kunnskap om nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie
- har kunnskap om nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk
Studenten:
- kan identifisere og uttale engelske språklydar
- kan lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard
- kan skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val
- kan identifisere og diskutere dei vanlegaste skilnadene mellom britisk og amerikansk tale
- kan identifisere og analysere strukturar i samanhengande engelsk tale
- kan identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
- kan identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen
- kan identifisere nokre variantar av engelsk
- kan identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar
Studenten:
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte
- kan andvende desse kunnskapane og ferdigheitene på nytt språkmateriale og i nye situasjonar
- kan forstå ulike variantar av munnleg og skriftleg engelsk og korleis dei kan nyttast i praktiske situasjonar
Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten:
1. Delta på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studentane må delta aktivt i munnlege oppgåver og diskusjonar.
2. Levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle |