Semestre

ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk

Emnekode: 
ENG143
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei teoretisk innføring i det engelske lydsystemet, samt innsikt i og kunnskap om språkleg variasjon i det engelske språket, samtidig og/eller historisk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

- engelske språklydar og korleis dei blir artikulert

- overgripande strukturar i samanhengande engelsk tale

- engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar

- dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale

- nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie

- døme på geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

- identifisere og uttale engelske språklydar

- lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard

- skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val

- identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen

- identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk

- identifisere nokre variantar av engelsk

- identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar

Generell kompetanse

Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Kvar student må levere inn to – 2 – oppgåver i engelsk fonetikk og variantar av engelsk (heilskapleg ordtal er ikkje relevant), som begge må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav, får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5. 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorgradsstudium i religion og språk
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100