Semestre

ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk

Emnekode: 
ENG143
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei teoretisk innføring i engelsk fonetikk og fonologi, med fokus på lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk. Studenten skal bruke teknisk terminologi for å beskrive og analysere engelsk uttale, samt lære å lese og produsere fonemiske transkripsjonar. Emnet utforskar i tillegg ulike samtidige og historiske variantar av engelsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

  • engelske språklydar og korleis dei blir artikulert
  • lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk
  • dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale
  • strukturar i samanhengande engelsk tale
  • nokre vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
  • engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar
  • nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie
  • nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • identifisere og uttale engelske språklydar
  • lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard
  • skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val
  • identifisere og diskutere dei vanlegaste skilnadene mellom britisk og amerikansk tale
  • identifisere og analysere strukturar i samanhengande engelsk tale
  • identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
  • identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen
  • identifisere nokre variantar av engelsk
  • identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten: 

  • bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte
  • andvende desse kunnskapane og ferdigheitene på nytt språkmateriale og i nye situasjonar
  • forstå ulike variantar av munnleg og skriftleg engelsk og korleis dei kan nyttast i praktiske situasjonar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

  1. Delta på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studentane må delta aktivt i munnlege oppgåver og diskusjonar.  
  2. Levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). 
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust