Semestre
ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk
Ingen
Emnet gir ei teoretisk innføring i det engelske lydsystemet, samt innsikt i og kunnskap om språkleg variasjon i det engelske språket, samtidig og historisk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap om:
- engelske språklydar og korleis dei blir artikulert
- lydsystema til to engelsk standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk
- overgripande strukturar i samanhengande engelsk tale
- engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar
- dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale
- nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie
- nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- identifisere og uttale engelske språklydar
- lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard
- skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val
- identifisere og analysere overhengande strukturar i samanhengande engelsk tale
- identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen
- identifisere og diskutere dei vanlegaste skilnadene mellom britisk og amerikansk tale
- identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk
- identifisere nokre variantar av engelsk
- identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar
Etter fullført emne kan studenten bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte, og anvende dei på nytt språkmateriale og i nye situasjonar.
Undervisinga skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6.
Kvar student må levere inn to – 2 – øvingar/oppgåver i engelsk fonetikk og variantar av engelsk (heilskapleg ordtal er ikkje relevant), som begge må vere levert for at ein kan gå opp til dei endelege eksamenane. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.
Det er krav om obligatorisk frammøte (minimum 75 %).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle |