Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
ENG213 Bacheloroppgåve - litteratur
I samråd med rettleiar må studenten setje saman ei bokliste paa 500 sider med relevant teori- og sekundaerlitteratur. Denne lista må godkjennast før studenten leverer den skriftlege oppgåva.
75 studiepoeng frå fire grunnemne i engelsk, ENG141, ENG142, ENG43, ENG144 og minst eitt fordjupingsemne i engelsk litteratur/kultur, anten ENG203, ENG 205, eller anna. Fordjupingsemnet kan takast parallelt med bacheloroppgåva og bacheloroppgåva må byggje på fordjupingsemnet.
Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve og eit tilhøyrande teoripensum. Oppgåva er på 7000-9000 ord (bokliste og vedlegg ikkje medrekna). Studenten vel sjølv tema for denne i samråd med emneansvarleg. Arbeidet skal vere ei forlenging av det litterære og/eller kulturelle fordjupingsemnet han/ho har avlagt eksamen i, eller skal avlegge eksamen i same semester. Oppgåva skal skrivast på engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har inngåande kunnskap om eit utvald litterært og/eller kulturelt emne.
- Studenten har grunnleggande kunnskap om relevant teori og forskingsmetode.
- Studenten kan arbeide sjølvstendig med å finne naudsynt kjeldemateriale, og med å bearbeide og presentere stoff i ei lengre, skriftleg form.
- Studenten kan rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Studenten kan bruke kunnskap og ferdigheiter med forholdsvis høg grad av sjølvstende, refleksjon og kritisk tenking.
Studenten skal i samråd med faglærar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen. Arbeidet med stoffet er elles sjølvstudium.
Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og pensumframlegg innan oppsett frist i byrjinga av semesteret.
Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med faglærar, alternativt nett/telefon-samtalar.
Oppgåva med pensumlister må leverast innan oppsett frist. For å få godkjent arbeidskrava må studenten halde seg til fastsette fristar. I samråd med rettleiar må studenten setje saman ei bokliste på 500 sider med relevant teori- og sekundærlitteratur. Denne lista må godkjennast før studenten leverer den skriftlege oppgåva.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk - fordjupingsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det vert gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva. | Om lag 7000 - 9000 ord. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |