Semestre

ENG213 Bacheloroppgåve - litteratur

Emnekode: 
ENG213
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Bacheloroppgåve - litteratur
Emnenavn på bokmål: 
Bacheloroppgåve - litteratur
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Pensum: 

I samraad med rettleiar maa studenten setje saman ei bokliste paa 500 sider med relevant teori- og sekundaerlitteratur. Denne lista maa godkjennast foer studenten leverer den skriftlege oppgaava.

Krav til forkunnskapar

75 studiepoeng frå fire  grunnemne i engelsk, ENG141, ENG142, ENG43, ENG144 og minst eitt fordjupingsemne i engelsk, anten ENG203 eller ENG205.Fordjupingsemnet kan takast parallelt med bacheloroppgåva og bacheloroppgåva må byggje på fordjupingsemnet.

Om emnet

Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve og eit tilhøyrande teoripensum. Oppgåva er på 7000-9000 ord (bokliste og vedlegg ikkje medrekna). Studenten vel sjølv tema for denne i samråd med emneansvarleg. Arbeidet skal vere ei forlenging av det litterære og/eller kulturelle fordjupingsemnet han/ho har avlagt eksamen i, eller skal avlegge eksamen i same semester. Oppgåva skal skrivast på engelsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Studenten har inngåande kunnskap om eit utvald litterært og/eller kulturelt emne.
  • Studenten har grunnleggande kunnskap om relevant teori og forskingsmetode.
Ferdigheiter
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig med å finne naudsynt kjeldemateriale, og med å bearbeide og presentere stoff i ei lengre, skriftleg form.
  • Studenten kan rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskap og ferdigheiter med forholdsvis høg grad av sjølvstende, refleksjon og kritisk tenking.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten skal i samråd med faglærar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen. Arbeidet med stoffet er elles sjølvstudium.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og pensumframlegg innan oppsett frist i byrjinga av semesteret. Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med faglærar, alternativt nett/telefon-samtalar. Oppgåva med pensumlister må leverast innan oppsett frist. For å få godkjent arbeidskrava må studenten halde seg til fastsette fristar. I samråd med rettleiar må studenten setje saman ei bokliste på 500 sider med relevant teori- og sekundærlitteratur. Denne lista må godkjennast før studenten leverer den skriftlege oppgåva.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - fordjupingsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det vert gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva.
Om lag 7000 - 9000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100