Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
ENG213 Bacheloroppgåve - litteratur
Oppgåva må innehalde ei litteraturliste med relevant teori og sekundærlitteratur, som blir lagt opp i samråd med rettleiar.
75 studiepoeng frå fire grunnemne i engelsk (ENG141, ENG142, ENG143, ENG144, eller tilsvarande) og minst eitt fordjupingsemne på 10-15 stp i engelsk litteratur/kultur, anten ENG203, ENG205, ENG206, eller tilsvarande.
Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve. Oppgåva er på 7000-9000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna). Oppgåva skal skrivast på engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har inngåande kunnskap om eit utvald litterært og/eller kulturelt emne.
- Studenten har grunnleggande kunnskap om relevant teori og forskingsmetode.
- Studenten kan arbeide sjølvstendig med å finne relevant kjeldemateriale, og med å bearbeide og presentere stoff i ei lengre, skriftleg form.
- Studenten kan rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Studenten kan bruke kunnskap og ferdigheiter med forholdsvis høg grad av sjølvstende, refleksjon og kritisk tenking.
Studenten skal i samråd med rettleiar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen, men det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig.
Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og utkast til litteraturliste innan avtalt frist i byrjinga av semesteret.
Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med faglærar, alternativt nett/telefon-samtalar.
Oppgåva med litteraturliste må leverast innan oppsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk - fordjupingsstudium
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det vert gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva. | Om lag 7000 - 9000 ord. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |