Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
ENG213 Bacheloroppgåve - litteratur
Oppgåva må innehalde ei litteraturliste på 500 ord med relevant teori og sekundærlitteratur, som blir lagt opp i samråd med rettleiar. Denne kjem i tillegg til primærlitteraturen.
75 studiepoeng engelsk, som må inkudere 60 stp på grunnivå: ENG141, ENG142, ENG43, ENG144 , og minst eitt fordjupingsemne i engelsk, til dømes ENG203 eller ENG206 (eller tilsvarande emne frå andre lærestadar etter søknad). Bacheloroppgåva må byggje på eit fordjupingsemne, men fordjupingsemnet kan eventuelt takast parallelt med bacheloroppgåva.
Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve. Oppgåva er på 7000-9000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna). Oppgåva skal skrivast på engelsk. I tillegg må studenten levere ei litteraturliste på 500 sider med sekundærlitteratur og teori.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har inngåande kunnskap om eit utvald litterært og/eller kulturelt emne.
- Studenten har grunnleggande kunnskap om relevant teori og forskingsmetode.
- Studenten kan arbeide sjølvstendig med å finne relevant kjeldemateriale, og med å bearbeide og presentere stoff i ei lengre, skriftleg form.
- Studenten kan rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Studenten kan bruke kunnskap og ferdigheiter med forholdsvis høg grad av sjølvstende, refleksjon og kritisk tenking.
Studenten skal i samråd med rettleiar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen, men det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig.
Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og utkast til litteraturliste innan avtalt frist i byrjinga av semesteret.
Litteraturlista skal innhalde 500 sider relevant sekundærlitteratur og teori, og må godkjennast av rettleiar før kandidaten kan levere det skriftlege arbeidet. Oppgåva skal innehalde si eiga liste med referanser som inkluderer primærlitteraturen så vel som relevante element frå litteraturlista.
Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med faglærar, alternativt nett/telefon-samtalar.
Oppgåva med litteraturliste må leverast innan oppsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - fordjupingsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det vert gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva. | Om lag 7000 - 9000 ord. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |