Semestre

HI210 Bacheloroppgåve

Emnekode: 
HI210
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

75 studiepoeng historieemne:

  1. Dei fire obligatoriske oversynsemna HI111/HI111N, HI112/HI112N, HI113/HI113N, HI100/HI100N
  2. Eit 15 studiepoengs historieemne på fordjupingsnivå, anten semesteret før eller parallelt i semesteret ho/han skriv bacheloroppgåve.
Om emnet

Formålet med dette emnet er å gi studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit historisk tema. Gjennomføring av emnet skal gje studentene «en forskers, ikke en lesers holdning til det historiske stoff» (Jens Arup Seip: Om å skrive hovedoppgave i historie. 1967, s. 7).

Bacheloroppgåva bør knytast til eitt av fordjupingsemna (200-nivå) studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon mv) som blir gjevne i eigen instruks. Til bacheloroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit relevant pensum på 300 sider frå den litteraturen ho har brukt i arbeidet med oppgåva. Eiga liste over denne litteraturen skal godkjennast av rettleiaren, sjå arbeidskrav.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studentene ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • har grunnleggjande kunnskapar om forskingsmetode og aktuell teori
  • har solide kunnskapar om fagområdet som det er arbeidd med i bacheloroppgåva
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan granske og reflektere over historiske data, sekundær- og primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan diskutere historiske problemstillinger og kritisk vurdere historiske framstillinger
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan sette seg inn i nye historiske problemområde, framstille endring over tid og analysere komplekse tema frå fleire sider
  • kan håndtere informasjonsmengder av større omfang og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning, inkludert systematisk bruk av relevant referansesystem

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten legg sjølv fram forslag til tema og problemorientering for oppgåva. Oppnemnd rettleiar vurderer og godkjenner opplegget i dialog med studenten.Til bacheloroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider frå den litteraturen ho/han har brukt i arbeidet med oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Disse arbeidskrava skal gjennomførast og leverast individuelt i 12 pkt. skrift og lineavstand 1,5:

  • Problemstilling og oversikt over kjeller og litteratur oppgåva skal byggje på
  • Utkast til disposisjon av oppgåva
  • Eit første utkast til oppgåva på minimum 5000 ord.
  • Levere pensumliste på 300 sider.
  • Eit fullverdig utkast til oppgåva på 8000 - 10 000 ord.

Arbeidskrava skal leverast innan bestemte fristar.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som ikkje får godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studentene skal kunne gå opp til eksamen.

Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige og individuelle arbeid.

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Inger Marie Okkenhaug
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor
  • Historie - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studenten kunne gjere greie både for oppgåva og dei 300 sidene sjølvvalt pensum.
Studenten tek med bacheloroppgåva uten notat til munnleg eksamen.
Eksamen vert utført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt.
Bacheloroppgåve
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva skal leverast elektronisk. Informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert utført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt.
8000-10000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022