Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2015 Haust
- 2016 Haust
HI210 Historie - bacheloroppgåve
60 studiepoeng historieemne som inneheld: Dei tre obligatoriske oversynsemna (HI111, HI112, HI113) og eitt valfritt emne på grunn- eller fordjupingsnivå (til dømes HI100). I tillegg må studenten ta eit 15 stp emne på fordjupingsnivå anten semesteret før eller parallelt i semesteret at ho/han skriv bacheloroppgåve.
Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit historisk tema. Gjennomføringa av emnet skal gje studenten «en forskers, ikke en lesers holdning til det historiske stoff» (Jens Arup Seip: Om å skrive hovedoppgave i historie. 1967, s. 7).
Bacheloroppgåva skal knytast til eitt av dei teoretiske fordjupingsemna (200-nivå) studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Til bacheloroppggåva skal kvar student sjølv setje saman eit relevant pensum på 300 sider. Eiga liste over denne litteraturen skal godkjennast av rettleiaren, sjå arbeidskrav.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Desse vil avhenge av tema for oppgåva/ kva for fagemne på fordjupingsnivå du vil knyte skrivinga av HI210-oppgåve til. Sjå pkt. om læringsutbytte for dei ulike fagemne på fordjupingsnivå.
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- granske og reflektere over historiske data, sekundær- og primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Studenten skal kunne
- sette seg inn i nye historiske problemområde, framstille ending over tid og analysere komplekse tema frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av større omfang og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning, inkludert systematisk bruk av relevante referansesystem
Studenten legg sjølv fram forslag til tema og problemorientering for oppgåva. Oppnemnd rettleiar vurderer og godkjenner opplegget i dialog med studenten.Til bacheloroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider i samsvar med den studievarianten ein vel å gå opp i.
Desse arbeidskrava skal gjennomførast individuelt i 12 pkt. skrift og lineavstand 1,5:
- Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på
- Utkast til disposisjon av oppgåva
- Eit første utkast til oppgåva på minimum 5000 ord.
- Eit fullverdig utkast til oppgåva på 8000 - 10 000 ord.
- Levere pensumliste på 300 sider.
Arbeidskrava skal leverast innan bestemte fristar.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige og individuelle arbeid.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Historie - bachelor
- Historie - fordjupningsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | 8000-10000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva og dei 300 sidene sjølvvalt pensum. | Studenten tek med bacheloroppgåva uten notat til munnleg eksamen. |