Semestre

HI210 Historie - bacheloroppgåve

Emnekode: 
HI210
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Eksamenssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng historieemne som inneheld: Dei tre obligatoriske oversynsemna (HI111, HI112, HI113) og eitt valfritt emne på grunn- eller fordjupingsnivå (til dømes HI100). I tillegg må studenten ta eit 15 stp emne på fordjupingsnivå anten semesteret før eller parallelt i semesteret at ho/han skriv bacheloroppgåve.

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit historisk tema. Gjennomføringa av emnet skal gje studenten «en forskers, ikke en lesers holdning til det historiske stoff» (Jens Arup Seip: Om å skrive hovedoppgave i historie. 1967, s. 7).Bacheloroppgåva skal knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Det er høve til å leggje fram oppgåva som vev-presentasjon (på «world wide web») etter nærare avtale med rettleiar.Til bacheloroppggåva skal kvar student sjølv setje saman eit relevant pensum på 300 sider. Eiga liste over denne litteraturen skal godkjennast av rettleiaren, sjå arbeidskrav.

Læringsutbytte

Kjem.

Kunnskapar

Desse vil avhenge av tema for oppgåva/ kva for fagemne på fordjupingsnivå du vil knyte skrivinga av HI210-oppgåve til.Sjå pkt. om læringsutbytte for dei ulike fagemne på fordjupingsnivå.

Ferdigheiter

Det er eit mål at studenten- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling- kan granske og reflektere over historiske data, sekundær- og primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.

Generell kompetanse

Ingen.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten legg sjølv fram forslag til tema og problemorientering for oppgåva. Oppnemnd rettleiar vurderer og godkjenner opplegget i dialog med studenten.Til bacheloroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider i samsvar med den studievarianten ein vel å gå opp i.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Desse arbeidskrava skal gjennomførast:

  • Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på
  • Utkast til disposisjon av oppgåva
  • Eit første utkast til oppgåva
  • Eit fullverdig utkast til oppgåva
  • Levere pensumliste

Arbeidskrava skal leverast innan bestemte fristar.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige og individuelle arbeid.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
15
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - fordjupningsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Karakteren i emnet vert i utgangspunktet fastsett ved vurdering av den ferdige bacheloroppgåva. Denne karakteren kan likevel bli justert etter ein munnleg eksamen som alle skal gjennomføre. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva og dei 300 sidene sjølvvalt pensum.
9000-12000ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift