Semestre
- 2026 Vår
- 2025 Haust
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2015 Haust
- 2016 Haust
HI210 Bacheloroppgåve
75 studiepoeng historieemne:
- Dei fire obligatoriske oversynsemna HI111/HI111N, HI112/HI112N, HI113/HI113N, HI100/HI100N
- Eit 15 studiepoengs historieemne på fordjupingsnivå, anten semesteret før eller parallellt i semesteret studenten skriv bacheloroppgåve.
Formålet med dette emnet er å gi studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit historisk tema. Gjennomføring av emnet skal gje studentene «en forskers, ikke en lesers holdning til det historiske stoff» (Jens Arup Seip: Om å skrive hovedoppgave i historie. 1967, s. 7).
Bacheloroppgåva bør knytast til eitt av fordjupingsemna (200-nivå) som studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon mv) som blir gjevne i eigen instruks. Til bacheloroppggåva skal kvar student sjølv setje saman eit relevant pensum på 300 sider frå den litteraturen ho har brukt i arbeidet med oppgåva. Eiga liste over denne litteraturen skal godkjennast av rettleiaren, sjå arbeidskrav.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studentene ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskapar om forskingsmetode og aktuell teori
- har solide kunnskapar om fagområdet som det er arbeidd med i bacheloroppgåva
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan granske og reflektere over historiske data, sekundær- og primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan diskutere historiske problemstillinger og kritisk vurdere historiske framstillinger
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Studenten:
- kan sette seg inn i nye historiske problemområde, framstille endring over tid og analysere komplekse tema frå fleire sider
- kan håndtere informasjonsmengder av større omfang og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning, inkludert systematisk bruk av relevant referansesystem
Studenten legger sjølv fram forslag til tema og problemorientering for oppgåva. Oppnemnd rettleiar vurderer og godkjenner opplegget i dialog med studenten.Til bacheloroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider frå den litteraturen ho/han har brukt i arbeidet med oppgåva.
Disse arbeidskrava skal gjennomførast og leverast individuelt i 12 pkt. skrift og lineavstand 1,5:
- Problemstilling og oversikt over kjeller og litteratur oppgåva skal byggje på
- Utkast til disposisjon av oppgåva
- Eit første utkast til oppgåva på minimum 5000 ord.
- Levere pensumliste på 300 sider.
- Eit fullverdig utkast til oppgåva på 8000 - 10 000 ord.
Arbeidskrava skal leverast innan bestemte fristar.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som ikkje får godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studentene skal kunne gå opp til eksamen.
Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige og individuelle arbeid.
Sensur blir utført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og Høgskulen i Volda § 9-4.
- Historie - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studenten kunne gjere greie både for oppgåva og dei 300 sidene sjølvvalt pensum. | Studenten tek med bacheloroppgåva uten notat til munnleg eksamen. Eksamen vert utført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. | |
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva skal leverast elektronisk. Informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. | 8000-10000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift |