Semesters
HPE206 Rettleiing av mastergradsstudentar
Ingen.
Studiet er for fagleg tilsette ved HVO
Formålet med studiet er å gje deltakarane praktisk og teoretisk innsikt i rettleiing som læringsform knytt til mastergradsnivå. Emnet er forankra i rettleiingspedagogikk som er tilpassa dei ulike konkrete studieprogramma ved Høgskulen i Volda. Tilhøvet mellom teori og praksis, etiske problemstillingar og profesjonstilhøyrighet er sentralt. Emnet vil gi brei og tverrfagleg innsikt i problemorientert rettleiing, både individuelt og i gruppe. Det vert lagt vekt på ei vid rettleiingsforståing der ulike modellar for mastergradsrettleiing vert presentert og diskutert i lys av likskap og ulikskap mellom aktuelle studieprogram på mastergradsnivå. Eit sentralt tema vil vere å støtte faglærar i utfordringar i rettleiinga av eigne mastergradsstudentar, og studiet skal stimulere til kontinuerleg utvikling av faglærar sin pedagogiske kompetanse. Emnet kan også inngå i pedagogisk merittering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha avansert kunnskap om ulike rettleiingstradisjonar og teoretiske rammeverk innan forskingsrettleiing
- ha inngåande kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på rettleiing, rettleiarrolla og profesjonalitet
- ha inngåande kunnskap om etiske perspektiv i arbeidet som rettleiar
Studenten skal:
- kunne identifisere og nytte ulike rettleiingsstrategiar for å fremje læring
- kunne ta i bruk relevante tilnærmingar knytte til studentane sine behov i ulike fasar av oppgåveskrivinga
- kunne ta del i ulike former for individuell og gruppevis rettleiing
Studenten skal:
- kunne planlegge, gjennomføre og kritisk analysere rettleiingsprosessar med omsyn til individuell ståstad og institusjonelle krav
- kunne tilpasse eiga rettleiingsforståing til krava knytt til det einskilde studieprogrammet
- kunne reflektere kritisk over eigen og andre sin rettleiingspraksis
- kunne ta initiativ til utvikling og nytenking knytt til rettleiing
Arbeidsmåtane vekslar mellom førelesingar, presentasjonar av eigenproduserte tekstar, drøftingar og praktiske øvingar.
Intensjonen med arbeidsmåtane er å støtte faglærar i rettleiingsarbeidet og si eiga utvikling i rolla som rettleiar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all timeplanfesta aktivitet, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6
Arbeidskrav:
- Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet
- Innlevering av tekst på om lag ei side om ein reell rettleiingssituasjon
- Analysere og drøfte eigen praksis med basis i ein artikkel om forskingsrettleiing
Detaljert informasjon og vurderingskriterium for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-7.
Det er ikkje knytt studieavgift til emnet.
Studentane har fritak for semesteravgift.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Week | Pass / fail | Alle hjelpemiddel tillatt | Maks 10 sider |