Semesters

IKF107 Friluftsliv 2

Course code: 
IKF107
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
IKF106 Outdoor Life 1
Course content

Friluftsliv 2 inngår som andre emnet i Bachelor i friluftsliv og naturguide og/eller friluftsliv årsstudium. Emnet omhandler friluftsliv i skogen og på fjellet om vinteren og våren. Sentrale delar av undervisninga handlar om kunnskapar og ferdigheiter i vinterfriluftsliv, ferdsel på ski i variert terreng, i tillegg til leiing og vegleiing av grupper i vinter- og vårlandskap. Trygg ferdsel om vinteren står i sentrum. I tillegg tar emnet for seg blandt annet tema iskjennskap, førstehjelp og redning, ansvar, lovverk og didaktikk innan friluftsliv, naturforvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Semesteret har ein praksisperiode og ein lengre egenferd i grupper.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • kan forklare og anvende prinsipp for leiing og vegleiing med særleg vekt på vinterfriluftsliv.
  • Kan formidle kunnskapar om samspelet i naturen, enkeltarter og landskapsformar og reflektere over mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
  • Kan beskrive og vurdere dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til utøving av friluftsliv i barnehage, skuleverk, fritid og næringsliv.
  • har utvida kunnskapar om korleis naturen og friluftslivet vert forvalta i Noreg
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø, med særleg vekt på ferdsel på ski i vinter- og vårlandskap
  • kan anvende allsidige ferdigheiter til å ferdast trygt i ulike former for natur under vekslande forhold med ansvar for grupper
  • kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i forhold til ulike naturkrav, og vise nødvendige ferdigheiter og haldningar for trygg og hensynsfull ferdsel i natur
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar innan fagområdet og kan utøve kvalifisert fagleg skjønn
  • kan utveksle synspunkter og erfaringer med andre med bakgrunn innen fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
  • kan sjølvstendig anvende kunnskap og ferdigheiter i ulike situasjonar gjennom å vise evne til samarbeid, evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til leiing i vinterfriluftslivet i Noreg
Working and learning activities

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver er lagt inn.

Assessment requirements

Frammøtekrav: 

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

Studiet består av fleire eksamenssamlingar som krev 100 % deltaking for godkjenning. Eksamenssamlingene bygger på hverandre, og ved manglande godkjenning av ein eller fleire eksamenssamlingar kan studenten miste retten til deltaking på påfølgande eksamenssamlingar

Arbeidskrav: 

  • Godkjent skriftlig rapport/ refleksjonsnotat frå gjennomført praksis.
  • Godkjent eigenutviklingsplan. Praktisk arbeidskrav med enkelte ferdigheitstestar og vurdering av grunnleggande ferdigheiter i vinterfriluftsliv
  • Godkjent oppgåve på 1500 ord knytt til temaet vinterfriluftsliv

    Krav til utstyr og ferdigheiter

    Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv og andre i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.

Evaluation system
Maximum number of students: 
48
Person in charge: 
Dag Erik Wold
Expenses

Materialpengar kr. 400,-

Used in other programs
  • Outdoor Life - year course
  • Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Skredkurs. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skredkurs
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Vinterfriluftsliv i fast leir. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Vinterfriluftsliv i fast leir
Praktisk eksamen
Individual
2 Weeks
Pass / fail
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Vårskitur. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Vårskitur
Oral examination
Individual
Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Unni Hagen