Semesters
IKF107 Friluftsliv 2
Emnet Friluftsliv 2 omhandlar friluftsliv om vinteren, og friluftsliv i samband med skog og fjell. Ein viktig del av dette emnet er pedagogikk/fagdidaktikk, planarbeid og praksis. Emnet inneheld òg forvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet av Bachelor i friluftsliv og naturguide.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
- har kjennskap til og kunnskap om vegledning og leiing i friluftsliv
- har kjennskap til dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk
- har grunnleggande kunnskapar om hvordan naturen og friluftslivet vert forvalta i Noreg.
Studenten
- kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
- har allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- har dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte faglege skjønn.
- har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet.
Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar og erfaringar ein får ute, vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar/forelesing. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Ferdigheitsprøver kan leggast inn.
Frammøtekrav: Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.
Arbeidskrav:
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IKF 107
- Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
- Studenten skal revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmåla. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.
- Godkjent oppgåve på 1500 ord knytt til temaet vinterfriluftsliv
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Materialpengar kr. 400,-
- Bachelor in Sports Education
- Outdoor Life - year course
- Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 1 Week | Pass / fail | Skredkurs. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Skredkurs | ||
Praktisk eksamen | Individual | 1 Week | Pass / fail | Vinterfriluftsliv i fast leir. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Vinterfriluftsliv i fast leir | ||
Praktisk eksamen | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe | ||
Praktisk eksamen | Individual | 1 Week | Pass / fail | Vårskitur. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Vårskitur | ||
Oral examination | Individual | 25 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |