Semestre
INF213 Informasjon 5: Bacheloroppgåve og ekstern praksis
INF212
Gjennom dette emnet skal studenten få førstehands kjennskap til yrkesrolla gjennom utplassering i ekstern praksis. Det vil også bli lagt vekt på meir generell profesjonskunnskap og refleksjon rundt utvalde case. I den avsluttande bacheloroppgåva skal studenten vise metodisk og teoretisk refleksjon og bruke innsikt og erfaring som er tileigna i løpet av heile bachelorstudiet. Bacheloroppgåva kan gjennomførast i samråd med eksternpraksisplassen og knytte seg til eit tema knytt til denne, men tema kan og veljast uavhengig av praksisplassen.
-
Kandidaten
- har god kunnskap om informasjon- og kommunikasjonsarbeid som profesjon.
- har kunnskap om aktuelt regelverk knytt til ulike yrkesroller innan kommunikasjon.
- har kunnskap om reiskapar for å evaluere kommunikasjonstiltak, og kan vurdere kva typar metode som er aktuell i ulike samanhengar.- kjenner krav til og malar for ei avsluttande bacheloroppgåve i faget.
Kandidaten
- kan bidra konstruktivt i praktisk kommunikasjonsarbeid i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø.
- kan vere med på på å planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak i ein ekstern organisasjon, bedrift eller byrå, under rettleiing.
- kan skrive ei bacheloroppgåve med teoretisk perspektiv, med utgangspunkt i eigne erfaringar og eventuelt empiri frå eksternpraksisopphaldet, eller med eit reint teoretisk utgangspunkt.
-
Undervisninga vil foregå som forelesingar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Dei første vekene vil det bli gitt undervisning i fellesemna. Deretter skal studentane ut i ein om lag åtte veker lang ekstern praksis i offentleg verksemd, i ein organisasjon, ei bedrift eller eit PR-byrå. Dei siste vekene er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande bacheloroppgåva.
- Disposisjon med skisse til avsluttande individuell bacheloroppgåve.
- Praksisrapport på 2000 - 2500 ord.
- Munnleg presentasjon av erfaringane frå praksis for faglærar og andre studentar ved bachelorgraden.
Innleveringsfristar og retningslinjer for utforming av og innhald i arbeidskrava vert gitt i arbeidsplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Bacheloroppgåva kan ta utgangspunkt i ekstern praksis eller i sjølvvalt tema. I oppgåva skal kandidaten bruke kommunikasjonsfaglege problemstillingar og eigne erfaringar (til dømes frå praksisperioden), og drøfte desse ved hjelp av relevant teori. Oppgåva skal leverast i Fronter. | Omfang på oppgåva skal ikkje overskride 10 000 ord. |