Semestre
INF213 PR og kommunikasjon 5: Bacheloroppgåve og ekstern praksis
Gjennom dette emnet skal studenten få førstehands kjennskap til yrkesrolla gjennom utplassering i ekstern praksis. Det vil også bli lagt vekt på meir generell profesjonskunnskap og refleksjon rundt utvalde case. I den avsluttande bacheloroppgåva skal studenten vise metodisk og teoretisk refleksjon og bruke innsikt og erfaring som er tileigna i løpet av heile bachelorstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har god kunnskap om informasjon- og kommunikasjonsarbeid som profesjon
- har kunnskap om aktuelt regelverk knytt til ulike yrkesroller innan kommunikasjon
- har kunnskap om reiskapar for å evaluere kommunikasjonstiltak, og kan vurdere kva typar metode som er aktuell i ulike samanhengar
- kjenner krav til og malar for ei avsluttande bacheloroppgåve i faget
Kandidaten
- kan bidra konstruktivt i praktisk kommunikasjonsarbeid i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø
- kan vere med på på å planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak under rettleiing i ein organisasjon
- kan skrive ei større akademisk oppgåve (bacheloroppgåve)
Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Undervisninga vil foregå som forelesingar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Den første tredjedelen vert det gjeve undervisning i fellesemna. I den andre tredjedelen gjennomfører studentane ei praksisperiode som i regelen er knytt til ein ekstern organisasjon. Den siste tredjedelen er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande bacheloroppgåva.
- Deltaking på obligatorisk undervising
- Godkjent skisse til avsluttande individuell bacheloroppgåve
- Praksisrapport (2000 ord)
- Munnleg presentasjon av erfaringane frå praksis for faglærar og andre studentar ved bachelorprogrammet
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Innleveringsfristar og retningslinjer for utforming av og innhald i arbeidskrava vert gitt i arbeidsplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Omfang på oppgåva skal ikkje overskride 8500 ord. | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |