Semestre
INF213 PR og kommunikasjon 5: Bacheloroppgåve og ekstern praksis
I dette emnet skal studenten få førstehands kjennskap til yrkesrolla, om mogleg gjennom utplassering i ekstern praksis, eller ved å bruke case og dømer frå relevant arbeidsliv. Det vil bli lagt vekt på meir generell profesjonskunnskap og refleksjon rundt utvalde case. I den avsluttande bacheloroppgåva skal studenten vise metodisk og teoretisk refleksjon og bruke innsikt og erfaring som er tileigna i løpet av heile bachelorstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal
- ha god kunnskap om informasjon- og kommunikasjonsarbeid som profesjon
- ha kunnskap om aktuelt regelverk knytt til ulike yrkesroller innan kommunikasjon
- ha kunnskap om reiskapar for å evaluere kommunikasjonstiltak, og kunne vurdere kva typar metode som er aktuell i ulike samanhengar
- kjenne til krav til og malar for ei avsluttande bacheloroppgåve i faget
Kandidaten skal kunne
- bidra konstruktivt i praktisk kommunikasjonsarbeid i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø
- vere med på på å planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak under rettleiing i ein organisasjon
- skrive ei større akademisk oppgåve (bacheloroppgåve)
Studentan skal
- kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Undervisninga vil foregå som forelesingar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Den første tredjedelen vert det gjeve undervisning i fellesemna. I den andre tredjedelen gjennomfører studentane ei praksisperiode som om mogleg er knytt til ein ekstern organisasjon. Den siste tredjedelen er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande bacheloroppgåva.
- Deltaking på obligatorisk undervising
- Godkjent skisse til avsluttande individuell bacheloroppgåve
- Praksisrapport (2000 ord)
- Munnleg presentasjon av erfaringane frå praksis for faglærarar og dei andre studentane ved bachelorprogrammet
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Meir detaljert informasjon rundt den praktiske gjennomføringa av arbeidskrava vert gjeve i Canvas/arbeidsplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Omfang på oppgåva: 6 000 ord. | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |