Semestre

INF213 PR og kommunikasjon 5: Arbeidslivsrelevans gjennom praksis

Emnekode: 
INF213
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
INF211 PR og kommunikasjon 3: Samfunnskommunikasjon og CSR
INF212 PR og kommunikasjon 4: Kommunikasjonsteori med prosjektpraksis
Om emnet

I dette emnet skal studenten få førstehands kjennskap til yrkesrolla, om mogleg gjennom utplassering i ekstern praksis, eller ved å bruke case og dømer frå relevant arbeidsliv i ei oppgåveinnlevering. Det vil bli lagt vekt på meir generell profesjonskunnskap og refleksjon rundt utvalde case. I den avsluttande oppgåva skal studenten vise metodisk og teoretisk refleksjon og bruke innsikt og erfaring som er tileigna i løpet av heile bachelorstudiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har god kunnskap om informasjon- og kommunikasjonsarbeid som profesjon
  • har kunnskap om aktuelt regelverk knytt til ulike yrkesroller innan kommunikasjon
  • har kunnskap om reiskapar for å evaluere kommunikasjonstiltak, og kunne vurdere kva typar metode som er aktuell i ulike samanhengar
  • kjenner til krav til og malar for ein avsluttande oppgåve i faget
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bidra konstruktivt i praktisk kommunikasjonsarbeid i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø
  • kan vere med på på å planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak under rettleiing i ein organisasjon 
  • kan skrive ei større akademisk oppgåve
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vil foregå som forelesingar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Den første tredjedelen vert det gjeve undervisning i fellesemna. I den andre tredjedelen gjennomfører studentane ei praksisperiode som om mogleg er knytt til ein ekstern organisasjon, eller ved å bruke case og dømer frå relevant arbeidsliv i ei oppgåveinnlevering. Den siste tredjedelen er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Deltaking på obligatorisk undervising
  2. Munnleg presentasjon av erfaringane frå praksis for faglærarar og dei andre studentane ved bachelorprogrammet
  3. Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret

Meir detaljert informasjon rundt den praktiske gjennomføringa av arbeidskrava vert gjeve i Canvas/arbeidsplanen.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristian Fuglseth
Erling Sivertsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Omfang på oppgåva: 4 000 ord.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
70
Godkjent av: 
Kate Kartveit