Semesters
IPA111 Samfunnskunnskap
Ingen
Emnet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling i ein lokal og regional kontekst. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema innanfor:
- sosiologi
- miljø og samfunn
- samfunnsøkonomi
- regionaløkonomi
- næringsøkonomi
- globale utfordringar
- lokalsamfunn og nærmiljø
- samfunnsvitskapleg metode
Emnet er obligatorisk og går parallelt med Forvaltningskunnskap (IPA112) gjennom haust- og vårsemesteret.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er ein deleksamen i emnet. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid, som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar i fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi.
Studenten skal kunne
- analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og bruke desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- formidle og bruke samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisning, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen
1. All ordinær undervising i emnet er obligatorisk. Obligatorisk inneber minimum 80 % frammøte/deltaking til undervising. Sjå "Forskrift om studium og eksamen ved HiVolda" § 4-6 og "Retningsliner for frammøte og fråvær i utdanningar med obligatorisk frammøte".
2. Obligatorisk deltaking/frammøte i eit større tverrfagleg prosjektarbeid i form av ein lokalsamfunnsanalyse i vårsemesteret. Gruppearbeidet munnar ut i ein prosjektrapport og presentasjon av arbeidet. Begge delar må vere godkjende. Ved særskilde høve kan det gjerast avtale om alternativt opplegg.
3. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Planning and administration - bachelor
- Social Science - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Digital eksamen. Eksamen i haustsemesteret | Alle | |
Home exam | Individual | 7 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Eksamen i vårsemesteret | Alle. | Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av tre individuelle eksamenar. Dei to skriftelege eksamenane tel 40 prosent kvar, medan den munnlege eksamenen tel 20 prosent av samla karakter i emnet. |
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 20 | Munnleg eksamen knytt til Lokalsamfunnsanalysen. Eksamen i vårsemesteret |