Semestre

IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)

Emnekode: 
IPA173
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet skal gi ei innføring i og eit oversyn over arealplanlegging etter plan- og bygningsloven på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverktøy. Emnet vil også gi ei innføring i rettsverknaden av arealplanar.  

Studentane skal presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar, der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.  

I emnet vert det lagt vekt på å bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og på den måten vere praksisnært. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal utvikle 

  • Kunnskap om plan- og bygningsloven som verktøy for arealplanlegging 

  • Grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi  

  • Grunnleggande kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy i arealplanlegging 

Ferdigheiter

Studenten skal øve opp 

  • Ferdigheiter i å skilje mellom ulike plandokument, og føringar og krav som gjeld arealplanlegging, og forklare samanhengen mellom desse 

  • Ferdigheiter i å hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy 

  • Ferdigheiter i å arbeide fram enkle kart til publikasjon / saksgrunnlag 

Generell kompetanse

Studenten skal utvikle innsikt i arealplanfaglege oppgåver etter plan- og bygningsloven, og GIS som verktøy for arealplanlegging.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga i emnet går over eit semester. Undervisinga er sett saman av førelesningar, nettleksjonar og studentaktive læringsformer. Det vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Tre arbeidskrav må vere leverte til rettleiing i løpet av semesteret. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10 prosent. Arbeidskrava skal løysast individuelt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Tre arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen saman med ein presentasjonstekst på 800-1000 ord.
Kvart av arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1200 ord +/- 10%
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2023