Semestre
IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)
Godkjende arbeidkrav i emna IPA111 og IPA112
Emnet er todelt og skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter Plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverkty.
Emnet skal etablere ei forståing for Plan- og bygningsloven som planverkty, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet har fokus på overordna arealplanlegging og tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ein innføring i rettsverknaden av arealplanar.
Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS- som planverktøy representerer. Gis-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.
Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og slik halde eit praksisnært fokus. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert masterstudium ved annan institusjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om innhaldet i plankart og plandokument, og rettsverknader av planar
- inngåande kunnskap om medverknad i arealplanarbeidet
- kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy for arealplanlegging
- grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi
- teoretisk og metodisk kjennskap til GIS i eit medverknadsperspektiv
Kandidaten skal kunne:
- medverke i og legge til rette for planprosessar på overordna nivå (kommuneplanen sin arealdel/kommunedelplan)
- gjere bruk av styrande dokument i arealplanarbeidet
- hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy
- arbeide fram enkle kart til publikasjon/saksgrunnlag
Studenten skal ha innsikt i arbeid med (og samarbeid om) arealplanfaglege oppgåver knytt til oversiktsplanlegging i kommunal sektor.
Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar vert det gitt rettleiing i samband med øvingar. Arbeidskrav vert utforma som øvingar i kombinasjon med refleksjonstekstar på omlag 1500 ord (+/- 10%) som skal løysast individuelt.
Frammøtekrav: Emnet har krav om frammøte i minimum 80% av undervisningstida.
Arbeidskrav: Tre arbeidskrav må vere godkjende for å få gå opp til eksamen. To av desse skal studenten velje ut og levere inn til eksamensvurdering.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | To godkjende arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen. Kvart av desse to arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1500 ord +/- 10% |