Semestre
IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)
Ingen.
Emnet skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter plan- og bygningsloven på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverktøy. Emnet vil også gi ei innføring i rettsverknaden av arealplanar.
Studentane skal presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar, der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.
Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og på den måten vere praksisnært. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal utvikle
Kunnskap om plan- og bygningsloven som verktøy for arealplanlegging
Grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi
Grunnleggande kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy i arealplanlegging
Studenten skal øve opp
Ferdigheiter i å skilje mellom ulike plandokument, og føringar og krav som gjeld arealplanlegging, og forklare samanhengen mellom desse
Ferdigheiter i å hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy
Ferdigheiter i å arbeide fram enkle kart til publikasjon / saksgrunnlag
Studenten skal utvikle innsikt i arealplanfaglege oppgåver etter plan- og bygningsloven, og GIS som verktøy for arealplanlegging.
Undervisinga i emnet går over eit semester. Undervisinga er sett saman av førelesningar, nettleksjonar og studentaktive læringsformer. Det vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav.
Tre arbeidskrav må vere leverte til rettleiing i løpet av semesteret. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10%. Arbeidskrava skal løysast individuelt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Tre arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen saman med ein presentasjonstekst på 800-1000 ord. Kvart av arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1200 ord +/- 10% |