Semestre
IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)
Ingen.
Emnet er todelt og skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter plan- og bygningsloven på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverktøy.
Emnet skal etablere ei forståing for plan- og bygningsloven som planverktøy, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ei innføring i rettsverknaden av arealplanar.
Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar, der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.
Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og på den måten vere praksisnært. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- Kunnskap om ulike plandokument og rettsverknaden av planar
- Kunnskap om føringar og krav i planlegginga
- Grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi
- Grunnleggande kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy i arealplanlegging
Studenten skal kunne:
- Skilje mellom ulike plandokument, og føringar og krav som gjeld fysisk planlegging, og forklare samanhengen mellom desse
- Hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy
- Arbeide fram enkle kart til publikasjon / saksgrunnlag
Studenten skal ha innsikt i arealplanfaglege oppgåver etter plan- og bygningsloven, og GIS som verktøy for arealplanlegging
Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav.
- Arbeidskrav: Tre arbeidskrav må vere leverte til rettleiing i løpet av semesteret, for å få gå opp til eksamen. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10%. Arbeidskrava skal løysast individuelt.
- Ekskursjon: Obligatorisk deltaking på ein fagrelevant dagsekskursjon. I særskilde høve kan det avtalast alternative opplegg.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Tre arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1200 ord +/- 10%.Arbeida skal leverast saman med ei presentasjonstekst på 900 ord +/- 10%. |