Semestre
IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid
IPA111 Samfunnskunnskap, IPA112 Forvaltningskunnskap og IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode
Godkjente arbeidskrav i IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling og IPA213 The European Union and Regional development: theories and practice.
I tillegg skal studenten har fullført 30 studiepoeng med valfrie emne.
Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve med ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet i planlegging og administrasjon.
Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg forfattarskap/rapportering.
Det vert lagt vekt på metodiske kunnskapar og ferdigheiter, kunnskap om innsamling av data, refleksjon og kritisk drøfting av teori og empiri.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av teori og forskingsmetodar knytt til oppgåveskriving. I dette ligg det at:
- studenten skal kunne utvikle ei problemstilling i samråd med rettleiar
- studenten skal kunne avgrense og svare på problemstillinga ved hjelp av relevant teori, litteratur og gjennom innsamling, analyse og drøfting av data
- studenten skal kunne utforme oppgåva i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg arbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan fagområdet planlegging og administrasjon
- finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
- finne fram til relevant litteratur og teori
- samle inn data og analysere desse på ein vitskapleg måte
- formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
- meistre sentrale element i akademisk skriving
Studenten skal kunne gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over sterke og svake sider ved forskingsarbeidet.
Studenten vil på bakgrunn av val av tema for bacheloroppgåva få ein fagrettleiar. Metodeseminaret er lagt opp med samlingar undervegs i semesteret, og har som mål å gi studentane relevant teoretisk og praktisk kunnskap i dei ulike stega i oppgåveskrivinga. Det vert lagt opp til diskusjonar med utgangspunkt i status og utfordringar for studentane sine eige arbeid på samlingane.
Arbeidskrav som må vere godkjent for å få gå opp til eksamen:
Levere eit notat om tema for eiga bacheloroppgåva.
Levere eit utkast av første del av bacheloroppgåva som skal godkjennast av rettleiar.
Halde ein munnleg presentasjon om bacheloroppgåva.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle | Omlag 9 000 - 10 000 ord, utanom vedlegg. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Oppgåva blir sensurert av ein kommisjon med to medlemmar, og skal forsvarast munnleg for den same kommisjonen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
Ingen |
Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg eksamen.