Semestre
IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid
Halvorsen, Knut. 2008. Å forske på samfunnet. 5.utgave. Cappelen Akademisk Forlag.
IPA111 Samfunnskunnskap, IPA112 Forvaltningskunnskap og IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode
Godkjente arbeidskrav i IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling og IPA213 The European Union and Regional development: theories and practice.
I tillegg skal studenten har fullført 30 studiepoeng med valfrie emne.
Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet i planlegging og administrasjon.
Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg forfattarskap/rapportering. Oppgåva skal vere mellom 9000 til 10 000 ord (vedlegg ikkje medrekna).
Det vert lagt vekt på metodiske kunnskapar og ferdigheiter, kunnskap knytt til innsamling av eigne data, refleksjon og kritisk drøfting av teori og empiri. Eit eige metodeseminar vert halde som ein integrert del av emnet. Metodeseminaret bygger m.a. på metodeundervisninga frå IPA111/IPA112 og IPA 172.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av teori og forskingsmetodar knytt til oppgåveskriving. I dette ligg det at:
- studenten skal kunne utvikle ei problemstilling i samråd med rettleiar
- studenten skal kunne avgrense og svare på problemstillinga ved hjelp av relevant teori, litteratur og gjennom innsamling, analyse og drøfting av eigne data
- studenten skal kunne utforme oppgåva i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg arbeid
Studenten skal ha ferdigheiter knytt til å:
- formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan fagområdet planlegging og administrasjon
- finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
- finne fram til relevant litteratur og teori
- samle inn eigne data og analysere desse på ein vitskapleg måte
- formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
- meistre sentrale element i akademisk skriving
Studenten skal kunne gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over styrkar og svakheiter knytt til eige forskingsarbeid
Studenten vil på bakgrunn av val av tema og problemstilling for bacheloroppgåva få oppnemnd ein fagrettleiar. Metodeseminaret er lagt opp med til saman seks (6) samlingar, og har som mål å gi studentane relevant teoretisk og praktisk kunnskap knytt til dei ulike stega i oppgåveskrivinga. Studentane skal førebu korte innlegg med utgangspunkt i status og utfordringar for eige arbeid til kvar av desse seks (6) samlingane, i tillegg skal studenten halde ein meir omfattande presentasjon av delar av oppgåva i løpet av kurset. Ein legg opp til desse trinna i metodeseminaret:
- Orientering om arbeidet med bacheloroppgåva, val av tema og utarbeiding av problemstilling
- Korleis finne fram til og nyttel teori, empiri og metode i oppgåva
- Innsamling av eigne data og utforming av spørreskjema
- Innføring i korleis ein finn fram til og nyttar dei ulike kjeldene for statistikk som ligg på nettet
- Tolking og analyse av datamateriale
- Design og kvalitetssikring av oppgåva i forhold til innhald og oppbygning, referanseteknikkar med meir
Arbeidskrav som må vere godkjent for å få gå opp til eksamen:
Levere ei sides notat som inneheld tema og forslag til problemstilling for bacheloroppgåva innan 23. januar.
Levere minst ti sider (ca 4000 ord) av oppgåva innan 10. april. Dette skal godkjennast av rettleiar.
Halde ein presentasjon på 10 minutt av deler av oppgåva for resten av klassen på eit nærare avtalt tidspunkt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Bacheloroppgåva skal leverast i Inspera. | Alle | Omlag 9 000 - 10 000 ord. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
Ingen |