Semestre
IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid
IPA111 Samfunnskunnskap, IPA112 Forvaltningskunnskap og IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode
Godkjente arbeidskrav i IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling og IPA213 The European Union and Regional development: theories and practice.
I tillegg skal studenten har fullført 30 studiepoeng med valfrie emne.
Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve med ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet i planlegging og administrasjon.
Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg forfattarskap/rapportering. Oppgåva skal vere på 9000 til 10 000 ord (vedlegg ikkje medrekna).
Det vert lagt vekt på metodiske kunnskapar og ferdigheiter, kunnskap om innsamling av eigne data, refleksjon og kritisk drøfting av teori og empiri. Eit metodeseminar inngår som integrert del av emnet. Metodeseminaret bygger m.a. på metodeundervisninga frå IPA111/IPA112 og IPA 172.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av teori og forskingsmetodar knytt til oppgåveskriving. I dette ligg det at:
- studenten skal kunne utvikle ei problemstilling i samråd med rettleiar
- studenten skal kunne avgrense og svare på problemstillinga ved hjelp av relevant teori, litteratur og gjennom innsamling, analyse og drøfting av data
- studenten skal kunne utforme oppgåva i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg arbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan fagområdet planlegging og administrasjon
- finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
- finne fram til relevant litteratur og teori
- samle inn data og analysere desse på ein vitskapleg måte
- formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
- meistre sentrale element i akademisk skriving
Studenten skal kunne gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over sterke og svake sider ved forskingsarbeidet.
Studenten vil på bakgrunn av val av tema og problemstilling for bacheloroppgåva få ein fagrettleiar. Metodeseminaret er lagt opp med til saman seks (6) samlingar, og har som mål å gi studentane relevant teoretisk og praktisk kunnskap i dei ulike stega i oppgåveskrivinga. Studentane skal førebu korte innlegg med utgangspunkt i status og utfordringar for eige arbeid til kvar av desse seks (6) samlingane, i tillegg skal studenten halde ein meir omfattande presentasjon av delar av oppgåva i løpet av emnet. Ein legg opp til desse trinna i metodeseminaret:
- Orientering om arbeidet med bacheloroppgåva, val av tema og utarbeiding av problemstilling
- Korleis finne fram til og nytte teori, empiri og metode i oppgåva
- Innsamling av data og utforming av spørreskjema
- Innføring i korleis ein finn fram til og nyttar dei ulike kjeldene for statistikk som ligg på nettet
- Tolking og analyse av datamateriale
- Design og kvalitetssikring av oppgåva i forhold til innhald og oppbygning, referanseteknikkar med meir
Arbeidskrav som må vere godkjent for å få gå opp til eksamen:
Levere eit notat på ei side som inneheld tema og forslag til problemstilling for bacheloroppgåva på oppgitt dato i andre halvdel av januar
Levere minst ti sider (ca. 4000 ord) av oppgåva på oppgitt dato andre halvdel av mars. Notatet bør innehalde innleiing, teori og metode. Dette skal godkjennast av rettleiar.
Halde ein presentasjon om (deler av) oppgåva på 10 minutt. Presentasjon skal haldast for resten av klassen på oppgitt dato andre halvdel av mars. Det er obligatorisk oppmøte denne dagen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle | Omlag 9 000 - 10 000 ord, utanom vedlegg. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Oppgåva blir sensurert av ein kommisjon med to medlemmar, og skal forsvarast munnleg for den same kommisjonen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
Ingen |
Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg eksamen.