Semestre

IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid

Emnekode: 
IPA210A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

IPA111 Samfunnskunnskap, IPA112 Forvaltningskunnskap og IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode

Godkjente arbeidskrav i IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling og IPA213 The European Union and Regional development: theories and practice.

I tillegg skal studenten har fullført 30 studiepoeng med valfrie emne.

Om emnet

Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve med ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet i planlegging og administrasjon.

Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg forfattarskap/rapportering. Oppgåva skal vere på 9000 til 10 000 ord (vedlegg ikkje medrekna).

Det vert lagt vekt på metodiske kunnskapar og ferdigheiter, kunnskap om innsamling av eigne data, refleksjon og kritisk drøfting av teori og empiri. Eit metodeseminar inngår som integrert del av emnet. Metodeseminaret bygger m.a. på metodeundervisninga frå IPA111/IPA112 og IPA 172.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om og forståing av teori og forskingsmetodar knytt til oppgåveskriving. I dette ligg det at:

  • studenten skal kunne utvikle ei problemstilling i samråd med rettleiar
  • studenten skal kunne avgrense og svare på problemstillinga ved hjelp av relevant teori, litteratur og gjennom innsamling, analyse og drøfting av data
  • studenten skal kunne utforme oppgåva i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg arbeid
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  •         formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan fagområdet planlegging og administrasjon
  •         finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
  •         finne fram til relevant litteratur og teori
  •         samle inn data og analysere desse på ein vitskapleg måte
  •         formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
  •         meistre sentrale element i akademisk skriving
Generell kompetanse

Studenten skal kunne gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over sterke og svake sider ved forskingsarbeidet.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten vil på bakgrunn av val av tema og problemstilling for bacheloroppgåva få ein fagrettleiar. Metodeseminaret er lagt opp med samlingar undervegs i semesteret, og har som mål å gi studentane relevant teoretisk og praktisk kunnskap i dei ulike stega i oppgåveskrivinga. Studentane skal førebu korte innlegg med utgangspunkt i status og utfordringar for eige arbeid til kvar av samlingane, i tillegg skal studenten halde ein meir omfattande presentasjon av delar av oppgåva midtvegs i  emnet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav som må vere godkjent for å få gå opp til eksamen:

Levere eit notat på ei side som inneheld tema og forslag til problemstilling for bacheloroppgåva på oppgitt dato i andre halvdel av januar

Levere minst ti sider (ca. 4000 ord) av oppgåva på oppgitt dato andre halvdel av mars. Notatet bør innehalde innleiing, teori og metode. Dette skal godkjennast av rettleiar.

Halde ein presentasjon om (deler av) oppgåva på 10 minutt. Presentasjon skal haldast for resten av klassen på oppgitt dato andre halvdel av mars. Det er obligatorisk oppmøte denne dagen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Grethe Mattland Olsen
Ellen Strøm Synnevåg
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Bacheloroppgåva skal leverast i Inspera.
Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg eksamen.
Alle
Omlag 9 000 - 10 000 ord, utanom vedlegg.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgåva blir sensurert av ein kommisjon med to medlemmar, og skal forsvarast munnleg for den same kommisjonen.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
Ingen
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022