Semesters

IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing (45 stp)

Course code: 
IPA309
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
45
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Det inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon.

Course content

Skriving av masteroppgåve er avsluttande emne i master i samfunnsplanlegging og leiing. Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid der studenten skal demonstrere dei kunnskapane og ferdigheitene som er lagt til grunn i masterprogrammet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva 
  • inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • omfattande kunnskap om feltet studenten vel å forske på 
  • forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • god kunnskap om krav til akademisk skriving
Learning outcome skills

Studenten skal: 

  • ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit samfunnsfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
  • kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og drøfte eiga og andre si forsking
  • ha ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
  • kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur, og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte
  • i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar både skriftleg og munnleg
Learning outcome qualification

Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.

Working and learning activities

Studentane skal velje eit samfunsfagleg relevant forskingstema og på bakgrunn av undervisning og rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og faglærarar på oppgåveseminar. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane, der faglærarar og medstudentar deltek.

Assessment requirements

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha stått til eksamen i emnet IPA 307 Forskingsmetode og vitskapsteori.

Studenten må ha presentert og gjeve kommentarar til medstudentar på minst to av samlingane.

Levert prosjektskisse som er godkjent av rettleiar.

Evaluation system
Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
10
Person in charge: 
Bjarte Folkestad
Used in other programs
  • Planning and Leadership - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
2 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Approval signature: 
Randi Bergem 24.02.2023