Semesters

JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk

Course code: 
JOU100
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Studentane må disponere eigen smarttelefon

Course content

Studentane får ei grunnleggande innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling. Studentane skal lære intervjuteknikk og å bruke enkelt utstyr til produksjon av lyd, bilde, grafikk og tekst til journalistikk på nett. Gjennom gruppearbeid og individuelle oppgåver lærer studentane grunnleggjande teknikk innan radio, fjernsyn, foto og nettjournalistikk.
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • Ha oversikt og innsikt i tekniske arbeidsreiskapar i produksjon av nettjournalistikk.
  • Ha kjennskap til dei ulike media sin eigenart.
     
Learning outcome skills
  • Kunne bruke relevante teknikkar og utstyr i journalistisk formidling.
  • Kunne produsere ei enkel nettsak med lyd, bilde eller video.
     
Learning outcome qualification

.

Working and learning activities

Emnet vil strekkje seg over eitt semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med forelesingar og gruppearbeid. Studentane skal mellom anna gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid. Studentane skal følgje den obligatoriske innføringa i arbeidsteknikk innan radio, fjernsyn, foto og nettjournalistikk som vert organisert dels som individuelt arbeid og dels som gruppearbeid.
 

Assessment requirements

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon. All undervising er obligatorisk. Studentane må levere fire arbeidskrav i emnet, eitt arbeidskrav innan kvar av desse; radio, video, stillbilde og nettsak. Alle arbeidskrav skal være levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
30
Maximum number of students: 
60
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
Pass / fail