Semesters
JOU101 Journalistikk 1
Ingen
Målet med emnet er å gi ei grunnleggande innføring i journalistisk metode, nyheitsforståelse, kjeldekunnskap og presseetikk. Viktige element i emnet er journalistisk metode, presseetikk, offentlegprinsippet. Det vert også lagt vekt på språk og formidlingsteknikk.
-
Studenten:
- har kjennskap til journalistiske metoder som intervju, observasjon og bruk av skriftlege kjelder
- har kunnskap om det presseetiske regelverket har grunnleggande kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
- har kjennskap til nyheits- og reportasjesjangeren
- har innsikt i journalistisk stoff- og nyheitsvurdering
- har kjennskap til journalistrollen og det journalistiske oppdraget
- har kjennskap til kjeldearbeid
Studenten:
- kan produsere nyheitssaker beherskar grunnleggande intervjuteknikk
- kan finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
- kan bruke offentleglova til å finne og bruke journalistisk kjeldemateriale
- beherskar nyheitsformidling og – språk på eit grunnleggande nivå (nyheitsproduksjon)
Studenten:
- har grunnleggande forståing av journalistrollen og av pressens samfunnsansvar og arbeidsmåtar
- kan forhalde seg til undervising på høgskulenivå og ta ansvar for eiga læring
Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert. Det blir lagt vekt på deltaking frå studentane si side og det er fleire obligatoriske oppgåver, både i gruppe og individuelt.
Studentane skal i løpet av emnet levere 5 obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal være levert til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Deltaking på skriveverkstad er obligatorisk. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | I refleksjonsnotatet skal ein urdere eit praktisk journalistisk arbeid i lys av pensum. | To av dei fem obligatoriske oppgåvene skal leverast i mappa. I tillegg skal det leverast eit refleksjonsnotat. Ei veke før eksamen får kandidaten melding om kva oppgåver som skal leverast. Det er høve til å levere ein bearbeidd versjon av det opphavelege oppgåvesvaret. |