Semesters

JOU113 Podkast

Course code: 
JOU113
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
JOU111 Journalism 1 - What is journalism?
JOU112 Journalism 2 - Source skills and presentation
Course content

Podkastemnet er eit emne i faktabasert historieforteljing med lyd og dramaturgi som verkemiddel.

Studentane skal få kjennskap til podcast gjennom å analysere ferdige program samt opparbeide seg kunnskap til å produsere eigne program.
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • kunnskap om den historiske utviklinga til podkast som plattform og medium
  • kunnskap om ulike sjangrar innan podkast
  • kunnskap om podkast sin eigenart
  • kunnskap om teknisk utstyr knytt til podkastproduksjon
  • kjennskap til korleis ein arbeider mot ei bestemt målgruppe
  • kjennskap til prosessar knytt til idéutvikling
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • bruke utstyr til å gjere opptak, både i studio og med mobilt utstyr
  • redigere opptak i enkelt lydredigeringsprogram
  • gjere sjølvstendige vurderingar av ein podkast sitt innhald
  • vurdere dramaturgi og struktur i lydmedier
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har utvikla kunnskap og ferdigheiter for å produsere ein podkast
  • har kompetanse til å analysere eige arbeid opp mot pensum
  • Har kompetanse til å utvikle idear og reseach i teams.
Working and learning activities

Arbeids- og undervisingsformene i emnet er ein kombinasjon av forelesingar, seminar/workshop, oppgåver, teknisk innføring og lyttesesjonar. Emnet er både praktisk og teoretisk og studentane skal nytte den teoretiske kunnskapen frå forelesingane i det praktiske arbeidet.

Undervisinga vert organisert både individuelt og i grupper. Og arbeidet kan vera både lærar- og studentstyrt. Studentane får rettleiing i arbeidet med eigen podkast. Ein sentral del av undervisinga er å lytte til eksisterande podkastar.  

Ein forventar at studentane arbeider i par med eksamensproduksjonen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 

Arbeidskrav:

  • Deltaking i evaluering av emnet
  • Tre skriftlege innleveringar som er knytt til reseach og metode i høve eigen produksjon. Desse er første steg mot  metoderapporten til eksamen. Kvar innlevering bør ha minst 1000 nye ord: Innlevering nummer to bygger på nummer ein. Tredje innlevering på nummer to og tre og metoderapporten på dei tidlegare innleveringane.
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Charlotte Louise Loxley Helleland
Used in other programs
  • Journalism - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Produkt/produksjon
Individual or Group exam
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Ein praktisk podkast.
10-25 minutt
Rapport
Individual or Group exam
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Metoderapport som beskriv det praktiske og teoretiske arbeidet som er lagt ned i podkasten. Studentane skal vise til pensumlitteratur i metoderapporten.

Der kandidatane har arbeidd med eksamensproduksjonen i par, skal det i metoderapporten kome klart fram kven som har gjort kva.
Metoderapport ved individuell levering: 2500-3000 ord.
Metoderapport der kandidatane har arbeidd i par: 3000-3500 ord.